Phippsia algida eller snøgras er ei plante i snøgrasslekta i grasfamilien.
Snøgras dannar lyst gulgrønne rosettar der blad og strå ligg nedover. Blada er korte. litt folda med ein tydeleg baugforma spiss. Frukta er omvendt eggforma og er tydeleg breiare ovanfor midten. Ein skil snøgras frå sprikesnøgras ved at rosetten på den siste er meir open og den er raudbrun.
Arten er sjeldan og er på raudlista klassifisert som VU.
Planta veks på våte snøleier på baserik grunn. Den europeiske sørgrensa er i Sør-Noreg.