dcsimg

Hummar ( النرويجية )

المقدمة من wikipedia NN

Hummar (Homarus gammarus) er ein stor hummarart som lever aust i Atlanterhavet frå Lofoten til Marokko. Han vert sjeldan funne lågare enn 50 m, men opptrer likevel sporadisk frå fjæresteinane og ned til 150 m djupn. Dyret vert òg omtalt som europeisk hummar, og er det største krepsdyret som førekjem naturleg i norske farvatn.

Kjenneteikn

Hummaren høyrer til tifotkrepsane og har såleis fem par gangbein, kor dei første er omdanna til kraftige klør. Han har ledda bakkropp med kraftige uropodar (halevifte). Som regel er han blå til svart av farge, men avvik førekjem relativt hyppig. Den viktigaste morfologiske skilnaden på europeisk og amerikansk hummar er at han manglar piggar på undersida av nakkehornet sitt.

Hummaren er som regel mellom 23 og 50 cm lang og veg rundt 0,7 kg. Under gode tilhøve kan dei likevel bli langt større; rekordane ligg på lengder opp til 1,26 m og vekt på nesten 19 kg. På den tida hummaren har nådd mistemålsstorleik (i Storbritannia 87 mm lang over ryggskjoldet) reknar ein med at han er 5-7 år gamal, medan dei eldste registrerte eksemplara har vore over 50.

Levesett

Humrar er einslege, nattaktive og territoriale dyr som gøymer seg i holer eller gropar i sjøbotnen på dagtid. Om sommaren, under høgsesongen for hummarfiske, vandrar dei ut på leit etter makar. Egga vert borne rundt av hoa i rundt 11 månadar, før dei klekker og larvene sym ut i vassmassane. Her vert dei i rundt 2-3 veker, før dei botnslår til eit stilleståande tilvære på omkring 2 år. Når ryggskjoldet er om lag 15 mm langt forlet dei hola sine for å oppsøkja holrom på steinbotn. Hummaren er vaksen i 4-5-års-alderen.

I vaksen tilstand lever den europeiske hummaren hovudsakleg av virvellause botndyr som krabbar, blautdyr, kråkeboller, mangebørstemark og sjøstjerner, men det hender òg han et fisk og plantar. I samband med skalskiftet et dei store mengder pigghudingar for å få i seg nok kalsium. Om vinteren et dei mindre på grunn av temperaturavhengige svingingar i metabolismen.

 src=
Fiska hummar.

Fiske

Den europeiske hummaren vert ikkje fiska i like stor skala som den amerikanske, men det føregår jamleg fangst over heile utbreiingsområdet. Mesteparten av fiskeriet vert gjort med hummarteiner. Prisnivået i 2001 låg rundt €15 per kilo hummarkjøt.

Det har vorte gjort forsøk på oppdrett av hummar i eigne anlegg, men desse har mislukkast på grunn av den aggressive territoriale åtferda dyret viser.

Bakgrunnsstoff

ترخيص
cc-by-sa-3.0
حقوق النشر
Wikipedia authors and editors
النص الأصلي
زيارة المصدر
موقع الشريك
wikipedia NN

Hummar: Brief Summary ( النرويجية )

المقدمة من wikipedia NN

Hummar (Homarus gammarus) er ein stor hummarart som lever aust i Atlanterhavet frå Lofoten til Marokko. Han vert sjeldan funne lågare enn 50 m, men opptrer likevel sporadisk frå fjæresteinane og ned til 150 m djupn. Dyret vert òg omtalt som europeisk hummar, og er det største krepsdyret som førekjem naturleg i norske farvatn.

ترخيص
cc-by-sa-3.0
حقوق النشر
Wikipedia authors and editors
النص الأصلي
زيارة المصدر
موقع الشريك
wikipedia NN