dcsimg

Weddellsel ( 挪威語 )

由wikipedia NN提供

Weddellsel (Leptonychotes weddellii) er ein selart i familien ekte selar, og er den av selartane som lever lengst mot sør. Weddellsel finst nær Antarktika. Dei har namn etter utforskaren og selfangaren James Weddell, som oppdaga dei ved Weddellhavet.[1]

 src=
Fjeset til ein weddellsel.

Weddellselar blir rundt 2,5-3,5 meter lange og veg 400–600 kg.[2] Hodyra er gjerne større enn hanndyra. Hannane har tjukkare nakke og breiare hovud enn hoene. Dyra har grå pels som er marmorert med svarte og lyse flekkar. Undersida er lysare enn resten. Dei er kjenneteikna er lyse flekkar rundt augo.

Arten lever i pakkisen ved kysten av Antarktis. Om vinteren held dei seg i havet for å verna seg mot snøstormar.

 src=
Kvilande selunge.

Selane ynglar på fast is i Antarktis og på øyar nord til Sør-Georgia. Dei skil seg frå andre selar ved at ei kan få tvillingar. Selungane drikk morsmjølk til dei er 6-7 veker gamle, men blir først fullvaksne når dei er rundt tre år, og pleier først para seg når dei er seks til åtte år gamle, men nokre hoer kan para seg før dette.

Weddellsel lever mest av blekksprut, fisk, kril og skaldyr. Han dykkar regelmessig til djupner på 200–400 meter. Ein har registrert dykk ned til 600 meter som har vart godt over ein time.

Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Leptonychotes weddellii
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Leptonychotes weddellii

Kjelder

  1. Todd, B. (2002). Seals and sea lions. New Zealand: Reed Publishing Ltd. Oppgjeven av Engelsk Wikipedia.
  2. Kindersley, Dorling (2001,2005). Animal. New York City: DK Publishing. ISBN 0-7894-7764-5.. Oppgjeven av Engelsk Wikipedia.
許可
cc-by-sa-3.0
版權
Wikipedia authors and editors
原始內容
參訪來源
合作夥伴網站
wikipedia NN

Weddellsel: Brief Summary ( 挪威語 )

由wikipedia NN提供

Weddellsel (Leptonychotes weddellii) er ein selart i familien ekte selar, og er den av selartane som lever lengst mot sør. Weddellsel finst nær Antarktika. Dei har namn etter utforskaren og selfangaren James Weddell, som oppdaga dei ved Weddellhavet.

 src= Fjeset til ein weddellsel.

Weddellselar blir rundt 2,5-3,5 meter lange og veg 400–600 kg. Hodyra er gjerne større enn hanndyra. Hannane har tjukkare nakke og breiare hovud enn hoene. Dyra har grå pels som er marmorert med svarte og lyse flekkar. Undersida er lysare enn resten. Dei er kjenneteikna er lyse flekkar rundt augo.

Arten lever i pakkisen ved kysten av Antarktis. Om vinteren held dei seg i havet for å verna seg mot snøstormar.

 src= Kvilande selunge.