dcsimg

Nordkokako ( 挪威語 )

由wikipedia NN提供

Nordkokako, Callaeas wilsoni, (maori: 'Kōkako') er ein sjeldan og trua sporvefugl med storleik som ein liten kråkefugl, endemisk til New Zealand. Han levde tidlegare i habitat med blanda skog over store delar av begge hovudøyane og over Stewart Island/Rakiura i sør. I dag truleg utdøydd på Sørøya, gjenlevande populasjon lever på få, spreidde stader på Nordøya og på nokre små, nærliggjande øyar.

Skildring

Nordkokakoar er store sporvefuglar, 38 centimeter og veg 230 gram, har mørk, gråblå fjørdrakt, ei svart maske frå auga og framover. Halen er lang. Nebbet er svart, kraftig og nedbøygd. Beina er òg svarte. Ein hudfold som heng ned frå nebbrota er i klår blå farge på underarten på Nordøya. Underarten på Sørøya hadde oransje hudflik. Kjønna er like og ungfuglane har avdempa farger med svakt lyseraude hudfliker. Desse fuglane spring rundt på bakken heller enn å flyge, og flyg sjeldan over lange distansar.

Dette er fuglar som lever i skogsområde i lågland med høg blanda barskog som inkluderer hardvedsortar av slekta Podocarpus og andre i gultrefamilien, og elles inneheld stort utval av planteartar. Då europeisk kolonisering tok til, var arten utbreidd i skogshabitat på heile Nordøya, vestlege Sørøya og på Stewart Island. I dag reknast dei som utdøydde på Sørøya og på Nordøya er han avgrensa til små skogshabitat, dei sterkaste populasjonane i Urewera Range, Bay of Plenty og King Country. Dessutan i små mengder i Northland, åsane Hunua Ranges søraust for Auckland, i sørlege Waikato og nordlege Taranaki. Det finst små bestandar på Little Barrier Island, Tiritiri Matangi Island og Kapitiøya.

Kokakoparet vernar territorium heile året, hannar vernar det over fleire år. Hoa byggjer reiret høgt, men under trekrona. Egglegging kan skje i perioden frå oktober til desember, og dei legg eitt kull i sesongen, på 2-3 egg. Hofuglane startar hekking når dei er ca. eit år gamle, forventa levealder er ikkje kjent, men ein kjenner eit individ som blei 11 år, truleg kan somme leve i over 20 år. Paret kan synge duett med strofer av orgel eller fløyteliknande tonar. Eit typisk rop er eit langsamt, klårt 'ko-ka-ko-o-o-o' som òg er opphavet til artsnamnet på maori.

Føda består hovudsakleg av blad og frukt med tilskot av virvellause dyr, men dei kan òg ete insekt og mate ungar med insekt.

Arten har status som endemisk verna og trua, bestanden estimert til ca. 1500 individ og er aukande, men avhengig av vernetiltak. Trugsmål er habitatstap ved hogst og fragmentering av skog, samt av innførte predatorar som rotter og røyskattar.[1]

Underartane i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.6 frå august 2011:[2]

  • Callaeas cinereus wilsoni, Nordøya og nærliggjande øyar
  • Callaeas cinereus cinereus, Sørøya, truleg utdøydd

Kjelder

Referansar

  1. BirdLife International 2012
  2. Clements, J.F.; T. S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood (august 2011), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.6 (Excel spreadsheet), Cornell Lab of Ornithology, henta 7. januar 2012

Bakgrunnsstoff

許可
cc-by-sa-3.0
版權
Wikipedia authors and editors
原始內容
參訪來源
合作夥伴網站
wikipedia NN

Nordkokako: Brief Summary ( 挪威語 )

由wikipedia NN提供

Nordkokako, Callaeas wilsoni, (maori: 'Kōkako') er ein sjeldan og trua sporvefugl med storleik som ein liten kråkefugl, endemisk til New Zealand. Han levde tidlegare i habitat med blanda skog over store delar av begge hovudøyane og over Stewart Island/Rakiura i sør. I dag truleg utdøydd på Sørøya, gjenlevande populasjon lever på få, spreidde stader på Nordøya og på nokre små, nærliggjande øyar.

許可
cc-by-sa-3.0
版權
Wikipedia authors and editors
原始內容
參訪來源
合作夥伴網站
wikipedia NN