dcsimg

Sothegre ( 挪威語 )

由wikipedia NN提供

Sothegre (Egretta sacra) er ein vassfugl og ein mellomstor hegre som finst i mange kystnære område av Asia, frå Bangladesh gjennom Søraust-Asia og til Japan, dei lever òg i delar av Polynesia aust til Marquesasøyene, i Australia og på New Zealand.

 src=
Ei sothegre av kvar morf
Foto: Glen Fergus
 src=
Utbreiingskart

Arten viser ein uvanleg dimorfisme som ikkje er kjønnsbasert. Nokre medlemmer har heilt kvit fjørdrakt, medan dei fleste blir koksgråe. Den kvite morfen er vanleg på polynesiske øyar.[1] Bakgrunnen for fargevariasjonen eller morfen er ukjend, men det er mest tenkt å vere relatert til kamuflasje. Sothegrar er 57-66 centimeter i lengd, dei har eit vengespenn på mellom 90 og 110 centimeter og når ei gjennomsnittleg vekt på 400 gram. Til hegrar å vere har dei korte bein som er gule. Nebbet kan vere gråleg til gult,[1] auga gullgule i farga.

Sothegrar beitar helst i tidevassona, og føda er hovudsakleg marine dyr og sett saman av variantar av fisk inkludert ålar og flyndrer, krepsdyr og blautdyr.

Dei bygg reir i koloniar i mangrovar eller i holrom eller under overheng av fjell, reira er av trepinnar, tang og anna gjort tilgjengeleg av tidevatn. Kullet er på to til tre lyse, grønblåe egg. Kjønna deler på rugeoppgåva gjennom ca. 25-28 dagar. Etter klekking gjev foreldre omsut i ca. 5 veker. På New Zealand er hekketida om våren. Verdspolulasjonen er trudd å vere mellom 100 000 og ein million i storleik (2006).[2] Den eldste kjente sothegra i Australia blei 14 år gamal.[1]

Kjelder

Referansar

  1. 1,0 1,1 1,2 Heather og Robertson, 2005
  2. BirdLife International, (2013)

Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Sothegre
許可
cc-by-sa-3.0
版權
Wikipedia authors and editors
原始內容
參訪來源
合作夥伴網站
wikipedia NN

Sothegre: Brief Summary ( 挪威語 )

由wikipedia NN提供

Sothegre (Egretta sacra) er ein vassfugl og ein mellomstor hegre som finst i mange kystnære område av Asia, frå Bangladesh gjennom Søraust-Asia og til Japan, dei lever òg i delar av Polynesia aust til Marquesasøyene, i Australia og på New Zealand.

 src= Ei sothegre av kvar morfFoto: Glen Fergus  src= Utbreiingskart

Arten viser ein uvanleg dimorfisme som ikkje er kjønnsbasert. Nokre medlemmer har heilt kvit fjørdrakt, medan dei fleste blir koksgråe. Den kvite morfen er vanleg på polynesiske øyar. Bakgrunnen for fargevariasjonen eller morfen er ukjend, men det er mest tenkt å vere relatert til kamuflasje. Sothegrar er 57-66 centimeter i lengd, dei har eit vengespenn på mellom 90 og 110 centimeter og når ei gjennomsnittleg vekt på 400 gram. Til hegrar å vere har dei korte bein som er gule. Nebbet kan vere gråleg til gult, auga gullgule i farga.

Sothegrar beitar helst i tidevassona, og føda er hovudsakleg marine dyr og sett saman av variantar av fisk inkludert ålar og flyndrer, krepsdyr og blautdyr.

Dei bygg reir i koloniar i mangrovar eller i holrom eller under overheng av fjell, reira er av trepinnar, tang og anna gjort tilgjengeleg av tidevatn. Kullet er på to til tre lyse, grønblåe egg. Kjønna deler på rugeoppgåva gjennom ca. 25-28 dagar. Etter klekking gjev foreldre omsut i ca. 5 veker. På New Zealand er hekketida om våren. Verdspolulasjonen er trudd å vere mellom 100 000 og ein million i storleik (2006). Den eldste kjente sothegra i Australia blei 14 år gamal.

許可
cc-by-sa-3.0
版權
Wikipedia authors and editors
原始內容
參訪來源
合作夥伴網站
wikipedia NN