Pære er frukta av pæretreet og er ei av dei eldste fruktene me kjenner til. Pærer vart dyrka allereie 3000 år f. Kr. Ho blei først tatt i kultur i Austen og seinare kom ho til Hellas. Frå Romerriket spreidde kunnskapane om pæreproduksjon seg med munkane til Mellom- og Nord-Europa. Til Noreg kom ho i mellomalderen. Heile tida har ho vore høgt skatta som ei delikatesse.
Sommarpærer
Haustpærer
Sesongen i Noreg er frå august til oktober. I høve til t.d. eple treng pæra eit tørrare og varmare klima og produksjonen er derfor liten.
Modne pærer har kort varing og må handterast varsamt og ikkje klemmast på. Ved lagring bør pærer ha 1-2 grader C og ei luftfukt på 95 %. Pærer er vare for etylen og må difor ikkje lagrast saman med epler.