dcsimg

Kashmirflugesnappar ( Norveççe )

wikipedia NN tarafından sağlandı

Kashmirflugesnappar, Ficedula subrubra, er ein liten sporvefugl i flugesnapparfamilien, Muscicapidae. På eit tidspunkt var han vurdert å vere ein underart av dvergflugesnappar, Ficedula parva. Dette er ein insektetande art som hekkar i nordvestre Himalaya i Kashmir-området i Pakistan og India. Han er trekkfugl og overvintrar i åsane i sentrale Sri Lanka og Dei vestlege Ghatfjella i India.

Kashmirflugesnapparar hekkar i lauvskog med tett undervegetasjon, byggjer reir i eit hòl i eit tre og legg 3-5 egg som blir ruga av hoa. Dei overvintrar på teeigendomar, i hagar, skogbryn og opne område i skog, vanlegvis over 750 moh.

Dei fleste individa forlèt hekkeområda i september, kjem til Sri Lanka i oktober og dreg igjen i slutten av mars. Ein av dei beste stadene å sjå denne sjeldne arten er Victoria Park i Nuwara Eliya.

Denne arten er 13 cm lang, i kroppsforma liknar han den litt mindre dvergflugesnapparen. Hannen har ei gråbrun overside med ein oransjeraud hals, bryst og kroppssider, avgrensa med svart på hals og bryst. Hoer og fuglar første vinteren har litt brunare overside, og det raude på undersida kan reduserast til berre ein rosa flekk.

Hannar av den liknande taigaflugesnappar, Ficedula albicilla, har raudoransje område avgrensa til halsen og toppen av brystet, og manglar svart ramme.

Songen er ein kort melodisk sviit-iit sviit-iit-did-hi, og ropet er eit skarpt sjakk.

Dette er ein sårbar art med ein minkande bestand og hekkeutbreiing, hekkeområdet er òg sterkt fragmentert. Kommersiell tømmerhogst, landbruk og husdyr på beite har øydelagt habitat i temperert, blanda lauvskog. Populasjonen er trudd å vere mellom 2500 og 10 000 individ.

Kjelder

Referansar

Bakgrunnsstoff

lisans
cc-by-sa-3.0
telif hakkı
Wikipedia authors and editors
orijinal
kaynağı ziyaret et
ortak site
wikipedia NN

Kashmirflugesnappar: Brief Summary ( Norveççe )