Brillepetrell, Procellaria conspicillata (engelsk namn: Spectacled Petrel) er ein sjøfugl i stormfuglfamilien. Han lever i Sør-Atlanteren nord for den antarktiske konvergensen, og hovudsakleg i eit belte mellom 25 og 41° S. Arten har berre ein hekkestad, på det vestre platået på Inaccessible_Island, Tristan da Cunha. Dette er ein av dei største petrellane som hekkar i hòler.
Dette er ein stor petrell, ca 55 cm i lengd, med mørk fjørdrakt. Han har karakteristiske kvite band rundt auga, og nebbet er gult. Levetida deira er gjennomsnitt 26,4 år.[1] Dei et blekksprutar, småfisk og krepsdyr.[1]
Denne petrellen hekkar årleg og vil leggje eitt egg i kullet. Reiret ligg i hòler langs elvebreidder eller i myrer.[1]
Dette taksonet var tidlegare rekna å vere ein underart av kvithakepetrell, Procellaria aequinoctialis, [2] men er i dag kjent som ein sjøvstendig art.