Brakksvalefamilien er ein biologisk familie Glareolidae av vadefuglar i ordenen vade-, måse- og alkefuglar, Charadriiformes.
Familien samlar to distinkte undergrupper, brakksvaler og løparar. Fram til nyleg inkluderte gruppa løparar òg den atypiske krokodillevaktar, Pluvianus aegyptius, men krokodillevaktar er no flytta til sin eigen familie.[1][2] Brakksvaleamilien inneheld til saman 17 artar i fem slekter.
Det er nebbet som er karakteristisk for denne familien og skil han ut frå resten av ordenen. Nebbet er bøygt og har nasebora ved basen.
Brakksvaler har korte bein, lange spisse venger og lange, gaffelforma haler. Dei har ein uvanleg flygeteknikk som minnar om svaler og dei kan plukke insekt i flukt. Somme brakksvaleartar kan ta lange migrasjonar takka vere vengene og dei gode flygeeigenskapane.
Løparane har lange bein, som har gjeve namn til gruppa. Vengene er korte og gjev dei ei meir normal flyging enn det ein finn hos brakksvaler.
Brakksvalene og løparane har distribusjon i den gamle verda, dei førekjem i Sør-Europa, Asia, Afrika inkludert Madagaskar og i Australia. Ein antar at familien utvikla seg først i Afrika, der familien i dag har størst mangfald, men det er funne fossil i Frankrike av utdøydde brakksvaler frå miocen.
Løparane lever vanlegvis i opne og tørre miljø som ørken og krattskog. Fagerløpar og storløpar er unntaka, dei finst i skog og lever vanlegvis borte frå opent land. Denne gruppa er vanlegvis også knytt til låglandet, men kvitvengløpar er funnen i Afro-alpine område i det sørlege Afrika.
Brakksvalene er knytt til våtmark, elver, elvemunningar og andre vassvegar i innlandet. Som med løparar finst det unntak, spesielt steppebrakksvale som hekkar og beitar på opne stepper.
Nokre artar av brakksvaler er langdistansemigrantar. Kortare flyttingar finn vi hos madagaskarbrakksvaler, som vandrar frå oppvekststader på Madagaskar til Aust-Afrika, i motsetnad til steppebrakksvaler som migrerer frå steppene i Aust-Europa og Sentral-Asia til Vest- og Sør-Afrika. Desse trekka som kan måle 10 000 km i avstandar, er ofte gjennomført som flygingar utan stopp undervegs, og føregår i stor høgd.
I regelen er ikkje løparane trekkfuglar, men ørkenløpar migrerer sørover frå det nordlegaste av leveområda sine om vinteren. Løparane er ganske nomadiske, men tar ikkje langdistansevandringar.
Løparane er aktive i skymringa og er nattlege, dei er generelt lite synlege, særleg artar som lever i skogshabitat. Dei er ikkje så sosiale som dei særs selskapelege og bråkete brakksvalene, brakksvalene har artar som òg er aktive ved daggry og i skymring.
Insekt utgjer storparten av dietten for denne familien. Brakksvalene beitar i hovudsak i lufta, men kan òg ta byttedyr på bakken. Dei grip sjansen til føde og har vore registrert saman med flokkar av antilopar for å snappe insekt som vert skremt opp rørslene deira, eller til og med der insekt er tiltrekt av gatelys. Dei søkjer spesielt målretta etter svermarar som grashopper og termittar. Løparar er utelukkande bakkenære, og beitar på ein måte som minnar om loer, dei spring, så stoppar dei brott for å søkje etter byttedyr før dei hastar vidare. Nokre artar kan grave med nebbet etter insekt i mjuk jord. I tillegg til insekt kan løparar òg ta blautdyr og litt frø.
Brakksvaler i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[3]
Slekt Cursorius
Slekt Smutsornis
Slekt Rhinoptilus
Slekt Stiltia
Slekt Glareola
Brakksvalefamilien er ein biologisk familie Glareolidae av vadefuglar i ordenen vade-, måse- og alkefuglar, Charadriiformes.
Familien samlar to distinkte undergrupper, brakksvaler og løparar. Fram til nyleg inkluderte gruppa løparar òg den atypiske krokodillevaktar, Pluvianus aegyptius, men krokodillevaktar er no flytta til sin eigen familie. Brakksvaleamilien inneheld til saman 17 artar i fem slekter.