dcsimg

Duefamilien ( norvegèis )

fornì da wikipedia NN

Duer (Columbidae) er ein fuglefamile med 320 artar som høyrer til duefuglane. Dei er særmerkte ved at dei kurrer og gjev ungane sine «duemelk» frå kroen. Fuglane har kompakte kroppar med kort hals og korte, slanke nebb.

Den best kjende duetypen i Noreg og mange andre stader er klippedue eller bydue (Columba livia) som held til i byar. I Noreg finst òg skogdue (Columba oenas), ringdue (Columba palumbus), turteldue (Streptopellia turtur) og tyrkardue (Streptopelia decaocto).

Duer i kulturen

 src=
Den heilage anden som due i ein freske av Correggio.

Fuglane er blitt sett på som fredelege, elskelege vesen, og er gjennom turtelduer blitt symbol på kjærleik medan kvite duer står for fred. Innan kristendommen symboliserer fuglen den heilage anden. Fleire namn er blitt tekne frå fuglen, som det nederlandske Dyveke og det spanske Paloma.

Duer og menneske

Den gode retningssansen til fuglane har gjort at ein kunne bruka dei som brevduer. I dag held ein òg konkurranseduer som skal finna heim raskast mogleg.

Mange har gleda seg over å gje duer mat på torg i ulike byar. Men auken av byduebestanden har mange stader ført til motstand mot dyra, som bråkar, forsøplar og kan spreia sjukdom. Derfor er det fleire stader, som på Picadilly Circus i London innført forbod mot å mata duer.

Slekter frå duefamilien

Slektene i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.9 frå august 2014.[1] Det er 43 slekter i familien som samlar 320 nolevande artar.

Kjelder

  1. Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M. J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2014), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.9 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 25. november 2014

Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Duefamilien
licensa
cc-by-sa-3.0
drit d'autor
Wikipedia authors and editors
original
visité la sorgiss
sit compagn
wikipedia NN

Duefamilien: Brief Summary ( norvegèis )