dcsimg

Omnfuglar ( norvegèis )

fornì da wikipedia NN

Omnfuglar, Furnariidae, er ein familie med om lag 300 artar av sporvefuglar i subtropisk og tropisk Sentral-Amerika og Sør-Amerika.

Dette er ei mangearta gruppe av fuglar som har fått namnet etter den omnliknande forma på reira gjort av leire hos artane i slekta Furnarius. Likevel har dei fleste artane i familien reir inne i hòl (tunnelar) i bakken eller i bergsprekker. Alle artane har overdekt reir. Dei legg opptil seks lysblåe, lysgrøne eller kvite egg som vert ruga mellom 15 og 22 dagar, og ungane forlèt reiret etter 13 - 20 dagar.

Omnfuglar er små til mellomstore fuglar, storleiken varierer frå 9 til 35 centimeter i lengd. Kvar einskild art kan vere spesialisert for ein habitattype, til saman dekkjer dei praktisk talt alle neotropiske habitat, alt frå byparkar med haciendaomnfugl til tropisk lågland i Amazonas med sine mange lauvgranskarar til tempererte golde Andesfjella som har fleire artar av tunnelfuglar. Ved kystane finst to bergkallar (cinclodes), fjærebergkall og brottbergkall.

 src=
Langnebbtunnelfugl, Geositta tenuirostris
Foto: Tor Egil Høgsås
 src=
Patagoniatunnelfugl, Geositta cunicularia
Foto: Hector Botta
 src=
Bleikfotomnfugl, Furnarius leucopus
Foto: Doug Janson
 src=
Svartkronelauvgranskar, Philydor atricapillus
Foto: Dario Sanches
 src=
Rustnålstjert, Leptasthenura yanacensis
Foto: Dominic Sherony
 src=
Gråtopptornskrikje, Pseudoseisura unirufa
Foto: Hector Bottai

Taksonomi

Slektene av omnfuglar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[2]

Kjelder

Referansar

  1. Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 10. august 2014
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Omnfuglar
licensa
cc-by-sa-3.0
drit d'autor
Wikipedia authors and editors
original
visité la sorgiss
sit compagn
wikipedia NN

Omnfuglar: Brief Summary ( norvegèis )

fornì da wikipedia NN

Omnfuglar, Furnariidae, er ein familie med om lag 300 artar av sporvefuglar i subtropisk og tropisk Sentral-Amerika og Sør-Amerika.

Dette er ei mangearta gruppe av fuglar som har fått namnet etter den omnliknande forma på reira gjort av leire hos artane i slekta Furnarius. Likevel har dei fleste artane i familien reir inne i hòl (tunnelar) i bakken eller i bergsprekker. Alle artane har overdekt reir. Dei legg opptil seks lysblåe, lysgrøne eller kvite egg som vert ruga mellom 15 og 22 dagar, og ungane forlèt reiret etter 13 - 20 dagar.

Omnfuglar er små til mellomstore fuglar, storleiken varierer frå 9 til 35 centimeter i lengd. Kvar einskild art kan vere spesialisert for ein habitattype, til saman dekkjer dei praktisk talt alle neotropiske habitat, alt frå byparkar med haciendaomnfugl til tropisk lågland i Amazonas med sine mange lauvgranskarar til tempererte golde Andesfjella som har fleire artar av tunnelfuglar. Ved kystane finst to bergkallar (cinclodes), fjærebergkall og brottbergkall.

 src= Langnebbtunnelfugl, Geositta tenuirostrisFoto: Tor Egil Høgsås  src= Patagoniatunnelfugl, Geositta cuniculariaFoto: Hector Botta  src= Bleikfotomnfugl, Furnarius leucopusFoto: Doug Janson  src= Svartkronelauvgranskar, Philydor atricapillusFoto: Dario Sanches  src= Rustnålstjert, Leptasthenura yanacensisFoto: Dominic Sherony  src= Gråtopptornskrikje, Pseudoseisura unirufaFoto: Hector Bottai
licensa
cc-by-sa-3.0
drit d'autor
Wikipedia authors and editors
original
visité la sorgiss
sit compagn
wikipedia NN