dcsimg

Aucklandskarv ( norvegèis )

fornì da wikipedia NN

Aucklandskarv (Phalacrocorax colensoi) er ein kystbunden sjøfugl i skarvefamilien. Han er endemisk til Aucklandøyane, sør for New Zealand.

Skildring

Dette er ein mellomstor skarveart, ca. 63 centimeter med kroppssvekt på rundt 2 kilogram. Fjørdrakta er i svart og kvitt. Strupen og heile undersida til undergump er kvit, vengene har kvite flekker som formar seg til eit band når vengene er folda saman. Eit felt av berr hud rett under nebbrota er i blågrått og får raud farge i hekketida. Beina er bleikraude, og augeringen er blå.

Aucklandskarven hekkar på Aucklandøyane og kan elles treffast berre i kystområdet ved Aucklandøyane og i havet utanfor øyane. Han er mest vanleg ved sørlege og austlege sider av øygruppa. Fuglane kan opptre i flokkar, både under beiting og kvile.

Dietten består mellom anna av småfisk og marine virvellause dyr.

Reira er bygd av tang, guano, gras torv og kvister. Reirplassen ligg ofte under overheng av fjell eller under tre. Kullet er på 3 egg og egga blir lagt med intervall på 2, 3 eller 4 dagar. Klekkinga skjer etter ca. 28 dagar. Hekketida er frå november til februar.

Arten har status som sårbar, og bestanden er estimert til ca. 4 500 individ (2012), og er trudd å vere stabil.[1]

Kjelder

Referansar

  1. BirdLife International 2012

Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Aucklandskarv
licensa
cc-by-sa-3.0
drit d'autor
Wikipedia authors and editors
original
visité la sorgiss
sit compagn
wikipedia NN

Aucklandskarv: Brief Summary ( norvegèis )

fornì da wikipedia NN

Aucklandskarv (Phalacrocorax colensoi) er ein kystbunden sjøfugl i skarvefamilien. Han er endemisk til Aucklandøyane, sør for New Zealand.

licensa
cc-by-sa-3.0
drit d'autor
Wikipedia authors and editors
original
visité la sorgiss
sit compagn
wikipedia NN