dcsimg

Grårygglire ( norvegèis )

fornì da wikipedia NN

Grårygglire (Ardenna bulleri) er ein pelagisk fugl og ei stor lire i stormfuglfamilien. Som hekkefugl er ho endemisk til øygruppa Poor Knights Islands aust for Northland på New Zealand, og ho migrerer til vide område av nordlege og austlege Stillehavet.

Fuglen har ei kroppslengd på 46 centimeter, og veg ca. 425 gram. Oversida er mellomgrå og undersida med undervengene er kvite. Hovud og nakke er mørk brune, same mørke farge ligg i ein markert 'M'-figur på oversida av venger og rygg. [1]

Hekkesesongen startar med egglegging på øygruppa Poor Knights Islands i slutten av november månad. Dei hekkar i koloniar blanda med alvekvalfuglar. Reiret ligg inne i ein opptil 3 meter lang utgraven reirkanal eller nokre gonger i ei fjellhòle eller sprekk. Begge kjønna rugar det eine egget på skift i til saman ca. 51 dagar. Når ungen er ca. 90 dagar, i siste delen av mai månad, flyg han ut.[1]

Eit lite fugletrekk av grårygglirer til austkysten av Australia skjer i desember, hovudtrekket går nord og aust i Stillehavet i april og mai og returnerer i september. Fuglar som ikkje hekkar kan vere att i Stillehavet gjennom den australske sommaren eller dei beitar i Perustraumen, utanfor Chile og Peru.[1]

Grårygglirer har ein diett av små kril, fisk, og planktoniske kappedyr og stormaneter. Dei har lært å ta fiskeavfall frå båtar.[1]

Populasjonen blei estimert til totalt 2,5 millionar individ i 1990, men er trudd å vere lågare i dag.[2]

Kjelder

Referansar

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Heather og Robertson, 2005
  2. BirdLife International 2012

Bakgrunnsstoff

licensa
cc-by-sa-3.0
drit d'autor
Wikipedia authors and editors
original
visité la sorgiss
sit compagn
wikipedia NN

Grårygglire: Brief Summary ( norvegèis )

fornì da wikipedia NN

Grårygglire (Ardenna bulleri) er ein pelagisk fugl og ei stor lire i stormfuglfamilien. Som hekkefugl er ho endemisk til øygruppa Poor Knights Islands aust for Northland på New Zealand, og ho migrerer til vide område av nordlege og austlege Stillehavet.

Fuglen har ei kroppslengd på 46 centimeter, og veg ca. 425 gram. Oversida er mellomgrå og undersida med undervengene er kvite. Hovud og nakke er mørk brune, same mørke farge ligg i ein markert 'M'-figur på oversida av venger og rygg.

Hekkesesongen startar med egglegging på øygruppa Poor Knights Islands i slutten av november månad. Dei hekkar i koloniar blanda med alvekvalfuglar. Reiret ligg inne i ein opptil 3 meter lang utgraven reirkanal eller nokre gonger i ei fjellhòle eller sprekk. Begge kjønna rugar det eine egget på skift i til saman ca. 51 dagar. Når ungen er ca. 90 dagar, i siste delen av mai månad, flyg han ut.

Eit lite fugletrekk av grårygglirer til austkysten av Australia skjer i desember, hovudtrekket går nord og aust i Stillehavet i april og mai og returnerer i september. Fuglar som ikkje hekkar kan vere att i Stillehavet gjennom den australske sommaren eller dei beitar i Perustraumen, utanfor Chile og Peru.

Grårygglirer har ein diett av små kril, fisk, og planktoniske kappedyr og stormaneter. Dei har lært å ta fiskeavfall frå båtar.

Populasjonen blei estimert til totalt 2,5 millionar individ i 1990, men er trudd å vere lågare i dag.

licensa
cc-by-sa-3.0
drit d'autor
Wikipedia authors and editors
original
visité la sorgiss
sit compagn
wikipedia NN