dcsimg

Gymnarchus niloticus ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Gymnarchus niloticus er ein elektrisk fiskeart i gruppea beintungefiskar (Osteoglossiformes). Han er den einaste nolevande arten i slekta Gymnarchus og familien Gymnarchidae. Fisken lever i myrer, sjøar og elvar rundt Turkanasjøen, Tsjadsjøen og elvane Nilen, Niger, Volta, Senegal og Gambia.[1][2] Populærnamn på fisken er aba, aba aba, frankfish, freshwater rat-tail, poisson-cheval og African knifefish.

G. niloticus blir over 150 cm lang og 19 kg tung.[3] Han har ein lang, tynn kropp og få finnar. Ryggfinnen er det viktigaste framdriftsmiddelet. Han er avlang og går langs ryggen av fisken mot den butte, finnelause halen.

Fisken er nattaktiv og ser dårlig. Han orienterer seg og jakter i mørket ved hjelp av eit svakt elektrisk felt, på liknande vis som elektrisk ål eller elefantfiskar. Som elefantfiskar har også G. niloticus ein uvanleg stor hjerne, som ein trur hjelper han til å tolka dei elektriske signala.[3]

Hofiskar legg egg i flytande reir som kan ha ein diameter på opptil 1 meter. Vaksne fiskar vaktar dei unge etter klekking.[3]

Kjelder

  1. A. Azeroual; M. Entsua-Mensah; A. Getahun; P. Lalèyè; T. Moelants; E. Vreven (2009), «Gymnarchus niloticus», IUCN Red List of Threatened Species. Version 3.1 (3.1). (International Union for Conservation of Nature.) |access-date= requires |url= (hjelp)
  2. Froese, Rainer; Pauly, Daniel, red. (April 2014 version.), «Gymnarchus niloticus», FishBase CS1 maint: Date and year (link)
  3. 3,0 3,1 3,2 P. H. Greenwood & M. V. Wilson (1998). J. R. Paxton & W. N. Eschmeyer, red. Encyclopedia of Fishes. San Diego: Academic Press. s. 84. ISBN 0-12-547665-5.
license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Gymnarchus niloticus: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Gymnarchus niloticus er ein elektrisk fiskeart i gruppea beintungefiskar (Osteoglossiformes). Han er den einaste nolevande arten i slekta Gymnarchus og familien Gymnarchidae. Fisken lever i myrer, sjøar og elvar rundt Turkanasjøen, Tsjadsjøen og elvane Nilen, Niger, Volta, Senegal og Gambia. Populærnamn på fisken er aba, aba aba, frankfish, freshwater rat-tail, poisson-cheval og African knifefish.

G. niloticus blir over 150 cm lang og 19 kg tung. Han har ein lang, tynn kropp og få finnar. Ryggfinnen er det viktigaste framdriftsmiddelet. Han er avlang og går langs ryggen av fisken mot den butte, finnelause halen.

Fisken er nattaktiv og ser dårlig. Han orienterer seg og jakter i mørket ved hjelp av eit svakt elektrisk felt, på liknande vis som elektrisk ål eller elefantfiskar. Som elefantfiskar har også G. niloticus ein uvanleg stor hjerne, som ein trur hjelper han til å tolka dei elektriske signala.

Hofiskar legg egg i flytande reir som kan ha ein diameter på opptil 1 meter. Vaksne fiskar vaktar dei unge etter klekking.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Gymnarchus niloticus ( Norwegian )

provided by wikipedia NO


Gymnarchus niloticus er en art i gruppen beintungefisker. Det er den eneste nålevende arten i gruppene Gymnarchus og Gymnarchidae. Den er nattaktiv og ser dårlig. Den blir over 150 cm lang og 19 kg tung. Den orienterer seg og jakter i mørket ved hjelp av et svakt elektrisk felt, på lignende måte som elektrisk ål.

Eksterne lenker

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia forfattere og redaktører
original
visit source
partner site
wikipedia NO

Gymnarchus niloticus: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NO


Gymnarchus niloticus er en art i gruppen beintungefisker. Det er den eneste nålevende arten i gruppene Gymnarchus og Gymnarchidae. Den er nattaktiv og ser dårlig. Den blir over 150 cm lang og 19 kg tung. Den orienterer seg og jakter i mørket ved hjelp av et svakt elektrisk felt, på lignende måte som elektrisk ål.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia forfattere og redaktører
original
visit source
partner site
wikipedia NO