dcsimg

Tåkeskogsmett ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Tåkeskogsmett (Henicorhina negreti) er ein sporvefugl i gjerdesmettfamilien som først vart observert i 1978-1984 og skildra formelt første gong i 2003. Han er endemisk til vestre Andes-regionen, Colombia, og han er klassifisert som kritisk truga.

Taksonomi

Denne gjerdesmettarten blei sett inn i slekta Henicorhina i familien Troglodytidae ut frå resultat av analyser av morfologi, læte og krav til habitat. Den næraste slektningane er trudd å vere gråbrystskogsmett, H. leucophrys, som lever dels i tilstøytande område vest for tåkeskogsmetten sine habitat.

Skildring

Tåkeskogsmetten er ein liten medlem i familien, ca. 11 centimeter i kroppslengd og masse på rundt 16 gram. Han har stutt hale, korte avrunda venger, kraftige føter og nedbøyd nebb. Fjørdrakta til denne arten er mørk, han skil seg frå gråbrystskogsmett med totalt sett mørkare utsjånad, mørkare overside enn underside, og tydelegare svarte streker i strupeområdet. Begge artar har ei lang kvit augebrynsstripe. Kjønna er like, men hannar har marginalt lengre bein og hale.[1]

Tåkeskogsmetten har ein eintydig song av meir enn 10 repeterande setningar på ca. to sekund, kvar setning med 6-12 reine tonar.[2]

Utbreiingsområdet som er kjent i dag består av eit lite areal innanfor Munchique nasjonalpark i Cauca-departementet, dessutan i eit anna isolert og avgrensa område der departementa Chocó, Antioquia og Risaralda grensar til kvarandre. Utbreiingsareala estimert til å gjere ut for totalt 8 km2. Habitatet er våt, epifyttisk tåkeskog, og berre på høgdnivå 2250–2640 moh.[2]

Tåkeskogsmetten lever her av insekt som fluger og biller som han beitar på, vanlegvis berre rundt to meter over bakken.[2]

Populasjonen er estimert til under 1000 individ, og er trudd å vere minkande. Arten er klassifisert som kritisk truga. Trugsmåla er klimaendringar som reduserer fukta i periodar, og menneskeleg aktivitet som avskoging.[3]

Kjelder

Referansar
  1. Salaman et. al, 2004
  2. 2,0 2,1 2,2 Kroodsma, D., Brewer, D., de Juana, E. & Sharpe, C.J. (2018) Munchique Wood-Wren (Henicorhina negreti) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 6. oktober 2018
  3. BirdLife International (2018) Species factsheet: Henicorhina negreti. Henta frå http://www.birdlife.org den 6. oktober 2018

Bakgrunnsstoff

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Tåkeskogsmett: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Tåkeskogsmett (Henicorhina negreti) er ein sporvefugl i gjerdesmettfamilien som først vart observert i 1978-1984 og skildra formelt første gong i 2003. Han er endemisk til vestre Andes-regionen, Colombia, og han er klassifisert som kritisk truga.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN