dcsimg

Ryggsymjar ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Ryggsymjarar er ei gruppe insekt som høyrer til tegene. Dei er rovinsekt som lever i ferskvatn, som regel i små fiskelause tjern men òg unnataksvis i større sjøar der det òg finst fisk. Som namnet tilseier sym dei på ryggen og lever av småinsekt som landar i overflatehinna.

På verdsbasis er det kjend om lag 350 artar fordelt på 11 slekter[1]. I Noreg er det kjend tre artar i slekta Notonecta[2].

Kjenneteikn

Ryggsymjarar er middelsstore insekt (opp til 15 mm [3] )som har mykje til felles med buksymjarane. Dei er derimot større, og lette å kjenne att på at dei (oftast) sym med buken opp. I tillegg har dei normale tåledd med klør på framføtene der buksymjarar har knivforma «åreblad». Ryggsymjarane sym hovudsakleg med bakbeina, som er lange, kraftige og hårete. Fram- og mellombeina vert nytta til å halda byttet fast med. På ryggen har dei ein karakteristisk kjøl.

Som andre insekt pustar ryggsymjaren oksygen i gassform. Sidan han lever i vatn har han difor fleire tilpassingar for å ta med seg luft når han dykkar. Særleg vert det lagra mykje i bukområdet, noko som hjelper dyret med å halda buken opp. Han lagrar òg luft i hårfrynsene langs kantane av kjølen og under vengjene.

Det er vist at ryggsymjarane orienterar seg i vatnet etter lys heller enn tyngdekraft; om ein har dei i akvarium som er opplyst nedanifrå sym dei med buken ned![4]

Levesett

Jakt og føde

Notonectidae-Galiza.jpg

Typisk for ryggsymjarane er at dei heng i overflatehinna i ferskvatn med ryggen ned og ventar på at eit potensielt bytte skal landa i vatnet. Dei er særs kjenslevare overfor vibrasjonar i vassflata, og er raske til å spora opp fluger, mygg og andre dyr som landar i vatnet. Så snart byttet er nært nok, fyk dyret til med kraftige symjetak. Den ledda sugesnabelen som er typisk for nebbmunnane vert så nytta til å bedøva byttet. Dei kan bita kraftig frå seg; somme hevdar tilmed det er verre enn kvefsestikk.

Det hender òg at ryggsymjarane fangar bytte nede i vatnet. Det har blitt observert at dei kan ta så store dyr som rompetroll og fiskeyngel.

Livssyklus

Ryggsymjarane har ufullstendig forvandling som andre nebbmunnar, og har såleis ikkje noko puppestadium. Egga er avlange og kvite og vert festa til plantestenglar under vatn.[5] Det tek få veker før dei klekker. Generasjonstida er kort, og det vaksne stadiet er ofte dominerande. Dei norske artane lever ganske kort som egg og nymfer, men kan leva relativt lenge som vaksne. I Noreg kan Notonecta glauca leva i fleire år, medan N. lutea døyr om hausten. Dette speglast i måten dyra overvintrar på; N. glauca overvintrar som vaksen medan N. lutea overvintrar som egg.

Dei flyg godt, og det er særleg om hausten dei tek til vengjene[6]. Dette er med på å gjera artane i gruppa raske til å kolonisera nye habitatar.

Systematikk

Ryggsymjarane vert delt inn i to underfamiliar, Anisopinae og Notonectinae. Den sistnemnde vert vidare tradisjonelt delt inn i tre stammar: Aphelonectini, Notonectini og Nychiini; der Aphelonectini og Notonectini i dag vert sett på som synonym. Alle dei norske artane er relativt nært i slekt, då dei alle høyrer til slekta Notonecta.

  • Familie Notonectidae (Ryggsymjarar)
    • Underfamilie Anisopinae
      • Slekt Anisops
      • Slekt Paranisops
      • Slekt Walambianisops
      • Slekt Buenoa
 src=
Notonecta glauca i overflata, med spegelbilete.
    • Underfamilie Notonectinae
      • Stamme Notonectini
        • Slekt Aphelonecta
        • Slekt Enithares
        • Slekt Enitharoides
        • Slekt Notonecta
      • Stamme Nychiini
        • Slekt Martarega
        • Slekt Neonychia
        • Slekt Nychia

Kjelder

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Ryggsymjar: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Ryggsymjarar er ei gruppe insekt som høyrer til tegene. Dei er rovinsekt som lever i ferskvatn, som regel i små fiskelause tjern men òg unnataksvis i større sjøar der det òg finst fisk. Som namnet tilseier sym dei på ryggen og lever av småinsekt som landar i overflatehinna.

På verdsbasis er det kjend om lag 350 artar fordelt på 11 slekter. I Noreg er det kjend tre artar i slekta Notonecta.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Ryggsvømmere ( Norwegian )

provided by wikipedia NO
«Ryggsvømmer» har flere betydninger.

Ryggsvømmere (Notonectidae) er en familie med insekter som lever som svømmende rovdyr i vann. Det er i Norge funnet tre arter av ryggsvømmere, alle tilhørende slekten Notonecta.[1] De fleste artene finnes i varmere strøk.

 src=
Ryggsvømmer, bilde fra buksiden.

Utseende

Ryggsvømmere er middelsstore teger som svømmer opp-ned, på ryggen. De er derfor ofte lyse på ryggen, som vender ned, og som blir mindre synlig mot en lys himmel over vannflaten. De er også generelt mørke på buksiden og beina, som vender opp når de svømmer. Fordi de svømmer opp-ned får de en slags «båtform». Når de kryper på land eller flyr snur de ryggsiden opp.

Kroppen har korte hår. Særlig bakbeina er lange og årelignende (svømmeføtter). Antennene er ikke synlig og finnes på siden av hodet, bak de store fasettøynene. Munndelene er ganske korte men kraftige, med en spiss sugesnabel.

Et stort scutellum er lett synlig. De to norske artene kan skilles på fargen på scutellumet. Forvingene er velutviklet og membranøse.

Levevis

De finnes i ferskvann, helst i stillestående vann. Voksne og nymfer svømmer opp-ned, og beveger seg betydelig raskere enn buksvømmere under vann. Den korthårete kroppen gjør at luftbobler fester seg til kroppen under dykking. Dette gjør at ryggsvømmere kan oppholde seg under vann ganske lenge.

Ryggsvømmere er gode flygere, noe som er nyttig når de skal oppsøke nye leveområder.

Ryggsvømmere er nebbmunner, det vil si at de har sugende munndeler og de er rovdyr som suger kroppsvæske fra andre mindre dyr. Voksne dyr kan gi et smertefullt stikk med sugesnabelen om de blir håndtert uvørent.

Ryggsvømmere har ufullstendig forvandling, overgang fra nyklekt larve til det voksne kjønnsmodne insektet går gradvis gjennom flere nymfestadier.

Systematisk Inndeling / europeiske arter

Familien ryggsvømmere er systematisk plassert i gruppen Nepomorpha, sammen med: Vannskorpioner, Kjempevannteger, Ochteridae, Paddeteger, Buksvømmere, Aphelocheiridae, Potamocoridae, Vannrøvere, Pleidae og Helotrephidae

Et latinsk familienavn ender med ...idae, og et navn på en overfamilie på ...oidea.

Norsk entomologisk forening har også utgitt en rekke Insekttabeller. Dette er små og billige hefter der en kan bestemme insekter til artsnivå. Et av heftene (se kilde) tar for seg de norske ryggsvømmerne.

Treliste

Referanser

Kilder

  • Coulianos, C.-C. 1998. Annotated Catalogue of the Hemiptera-Heteroptera of Norway. Fauna Norv. Ser.B 45 (1-2), side 11-39
  • Gjerde, Harald og Hågvar, Sigmund. 1985. Vannteger unntatt buksvømmere (Corixidae. Norsk entomologisk forening, Norske Insekttabeller Nr. 8, 8 sider.
  • Internett: Fauna Europaea

Eksterne lenker

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia forfattere og redaktører
original
visit source
partner site
wikipedia NO

Ryggsvømmere: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NO
«Ryggsvømmer» har flere betydninger.

Ryggsvømmere (Notonectidae) er en familie med insekter som lever som svømmende rovdyr i vann. Det er i Norge funnet tre arter av ryggsvømmere, alle tilhørende slekten Notonecta. De fleste artene finnes i varmere strøk.

 src= Ryggsvømmer, bilde fra buksiden.
license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia forfattere og redaktører
original
visit source
partner site
wikipedia NO