dcsimg

Spermkval ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Spermkval, Physeter catodon eller Physeter macrocephalus, er ein tannkval i spermkvalfamilien. Han blir opp til 18 meter lang. Spermkvalen finst i så godt som alle verdshava, frå Ekvator til Arktis og Antarktis, helst i ope hav eller ved kontinentalsokkelen. Han var utsett for industriell kvalfangst på 1900-talet, men det vart òg driven omfattande fangst allereie før granatharpunen si tid, tilbake til 1712. Rundt 1950 nådde fangsten høgda, då det vart fanga opp til 25 000 dyr i året. Den kommersielle fangsten tok slutt i 1988. Etter dette har det blitt drive fangst i liten skala frå opne båtar i Indonesia. Den globale bestanden er høgst usikker, men iallfall over 100 000 individ.[1] Spermkval kjem innom norske farvatn på næringsvandringar om sommaren.[2]

 src=
Utbreiingsområdet til spermkvalen

Fotnotar

  1. The IUCN Red List of Threatened Species på engelsk
  2. Artsdatabanken.no

Kjelder

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Spermkval
license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Spermkval: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Spermkval, Physeter catodon eller Physeter macrocephalus, er ein tannkval i spermkvalfamilien. Han blir opp til 18 meter lang. Spermkvalen finst i så godt som alle verdshava, frå Ekvator til Arktis og Antarktis, helst i ope hav eller ved kontinentalsokkelen. Han var utsett for industriell kvalfangst på 1900-talet, men det vart òg driven omfattande fangst allereie før granatharpunen si tid, tilbake til 1712. Rundt 1950 nådde fangsten høgda, då det vart fanga opp til 25 000 dyr i året. Den kommersielle fangsten tok slutt i 1988. Etter dette har det blitt drive fangst i liten skala frå opne båtar i Indonesia. Den globale bestanden er høgst usikker, men iallfall over 100 000 individ. Spermkval kjem innom norske farvatn på næringsvandringar om sommaren.

 src= Utbreiingsområdet til spermkvalen
license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN