Karminhonningskvett, Epthianura tricolor
Epthianura er ei biologisk slekt av fire fugleartar i honningetarfamilien med fellesnamnet honningskvettar. Slekta er endemisk til det australske kontinentet med Tasmania.
Honningskvettar er små honningetarar tilpassa livstilhøve på bakken.[1] Generelt er dei litt meir butte og runde i kroppsbygginga enn andre honningetarar, og dei har korte, tynne nebb. Til likskap med andre honningetarar har dei ei penseltippa tunge. Kjønna i slekta har ulike fjørdrakter, hannane har lyse, eller i tilfellet med kvithovudhonningskvett, slåande fargar. Karminhonningskvett har lys karminraud farge på bryst, buk og hovud som namnet antyder, kvit strupe og ryggen er mørk gråbrun. Hofuglen derimot har raud gump, utanom det manglar dei karminfarga. Hannfuglar av appelsinhonningskvett og gulhonningskvett har fjørdrakt i lyst gult til gullfarge, medan hoene er mykje meir avdempa gråe. Den mest uvanlege arten i slekta er kvithovudhonningskvett, der hannen har ein slåande svart rygg og svart brystband og elles kvitt andlet og kvit eller lys buk. Gulhonningskvett og karminhonningskvett er uvanlege blant honningetarar i å ha sesongmessige skilnader i fjørdrakta, særleg hos hannar, som er mykje mattere i fargene utanfor hekkesesongen.
Slekta Epthianura er endemisk til kontinentet Australia, der dei er spreidd over fastlandet, og kvithovudhonningskvett finst dessutan på Tasmania.[1] Kvithovudhonningskvett er den mest kystnære av desse artane. Honningskvettar har tilpassa seg eit breitt spekter av naturtypar i det sentrale og indre av Australia, sjølv om dei generelt er funne i miljø av meir buskkratt enn i skog og dei er òg sjeldan i høgtliggande område. Dei er spesielt tilpassa tørre miljø, men er òg hyppig langs elver i skogsområde, på mellombelse og permanente våtmarker, medrekna jordbruksområde.
Det er store hòl i kunnskapen om trekk og migrasjonsrørsler blant honningskvettar.[1] Nokre artar er tilsynelatande nomadiske, i det minste i delar av utbreiingsområde. Det er òg tydeleg at mange av desse rørslene ikkje berre er faste sesongmessige, men avhengige av vêrtilhøve. Fuglane kan vere vanlege på somme lokalitetar i nokre år, men ikkje i andre år. På det viset kan dei å gjere bruk av uventa nedbør i tørre ørkenar.[2]
Saman med gibberfugl i den monotypiske slekta Ashbyia var honningskvettar ein gong tenkt å utgjere ein eigen familie, Epthianuridae. I dag handsamar dei fleste taksonomane honningskvettar som ein underfamilie, Epthianurinae, av honningetarfamilien Meliphagidae.[3]
Honningskvettar i Epthianura i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.5 frå desember 2010 [4] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[5]
Epthianura er ei biologisk slekt av fire fugleartar i honningetarfamilien med fellesnamnet honningskvettar. Slekta er endemisk til det australske kontinentet med Tasmania.
Epthianura er en gruppe i familien honningetere (Meliphagidae). Gruppen er endemisk til Australia.
Epthianura er en gruppe i familien honningetere (Meliphagidae). Gruppen er endemisk til Australia.