dcsimg

Tolimaflorkrone ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Tolimaflorkrone (Anthocephala berlepschi) er ein kolibriart i underfamilien Lesbiinae. Han er endemisk til sentrale Colombia.

Dette taksonet var fram til 2015 ein underart av A. floriceps, tidlegare kjent som florkronekolibri, i dag santamartaflorkrone. Status per september 2018 er at dei to 'florkrone'-kolibriane er anerkjente av både Clementslista[1] og av IOC-lista.[2]

Skildring

Tolimaflorkrone har utsjånad som skil seg lite frå systerarten: 8,4 centimeter i kroppslengd, og har grønleg overside som slår over i oransje mot overgumpen, undersida er gråbrun og vengene mørke. Nebbet er relativt kort, svart og rettpeikande. Dei har ein liten, kvit panneflekk og raudleg krone, meir brun hos hofuglar. Undersida av halefjørene utgjer skilnaden i fjørdrakt mellom systerartane. Hos santamartaflorkrone finn ein eit lyst, beige endeband, hos tolimaflorkrone er dette feltet breiare og heilt kvitt.

Tolimaflorkrone beitar i underskog av fuktig alpin skog, 1200 til 2400 moh. Leveområdet har ei nord-sør utstrekning i den austlege dalsida av den sentrale fjellkjeda av Andes, i Magdalenadalen. Dette er litt innanfor departementa, Quindío, Tolima og kanskje Huila. Den nordlege delen av dette området ligg om lag 100 kilometer vest for Bogotá.[3]

Kjelder

Referansar
  1. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (august 2017), Updates & Corrections: August 2015, The Clements checklist of birds of the world: Version 6.10, page 202, Blossomcrown Anthocephala floriceps, Cornell Lab of Ornithology
  2. Gill, F & D Donsker (Eds). 2018. IOC World Bird List (v8.2). doi : 10.14344/IOC.ML.8.2. Lest frå http://www.worldbirdnames.org/bow/hummingbirds/ 23. september 2018
  3. BirdLife International. 2016. Anthocephala floriceps. The IUCN Red List of Threatened Species 2016: e.T22687699A93164557. http://dx.doi.org/10.2305/IUCN.UK.2016-3.RLTS.T22687699A93164557.en. Henta 23. september 2018

Bakgrunnsstoff

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Tolimaflorkrone: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Tolimaflorkrone (Anthocephala berlepschi) er ein kolibriart i underfamilien Lesbiinae. Han er endemisk til sentrale Colombia.

Dette taksonet var fram til 2015 ein underart av A. floriceps, tidlegare kjent som florkronekolibri, i dag santamartaflorkrone. Status per september 2018 er at dei to 'florkrone'-kolibriane er anerkjente av både Clementslista og av IOC-lista.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN