dcsimg

Kvitkronesporv ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Kvitkronesporv (Zonotrichia leucophrys) er ein fugl i amerikasporvfamilien, passerellidae med utbreiing avgrensa til Nord-Amerika. Karakteristisk for arten er kvit krone og svarte og kvite striper på hovudet.

Det vitskaplege namnet er frå gamalgresk. Slektsnavnet Zonotrichia kjem av 'sone', «band» og 'thrix', 'trikos', «hår», og artsnamnet leucophrys er frå 'leukos', «kvitt» og 'ophrus', «augebryn».[1]

Skildring

 src=
██ Hekkeområde██ Trekkområde██ Både hekking og overvintring██ Overvintring

Denne arten er ein mellomstor medlem av amerikasporvfamilien, 14-17 centimeter i kroppslengd. Vaksne fuglar har ei karakterisktisk kvit krone frå nebb til bakhovud, omkrinsa av svarte striper, eit kvitt felt mellom denne og ei svart augestripe som går mot nakken. Hovud, nakke, strupe og hals under augestripa er grått, undersida grå med svake brunraudestreker på sidene. Oversida er brunstripa, halen lang. Vengene er brune med smale kvite vengeband. Nebbet deira er rosa eller gult.[2] Dei liknar på kvitstrupesporv, men har ikkje kvitt strupeområde og ikkje kraftig gult område mellom nebb og auge.

Han hekkar i område på taiga og tundra med krattskog i dei nordlegaste delane av kontinentet, samt i Rocky Mountains og langs stillehavskysten. Medan sørlege bestandar i Rocky Mountains og kysten stort sett er standfuglar, er hekkepopulasjonane i den nordlege delen av utbreiingsområdet trekkfuglar og kan sjåast som overvintrande eller på trekk gjennom det meste av Nord-Amerika sørover til det sentrale Mexico.

Det er for tida fem anerkjente underartar av kvitkronesporv med varierande hekkeutbreiing og trekkvegar. Underarten i California er standfugl.[2]

Desse fuglane beitar på bakken eller i låg vegetasjon, men tar nokre gongar på vengene for å fange flygande insekt. Dei et hovudsakleg frø, andre plantedelar og insekt. Under trekket beitar dei ofte i flokkar.[2]

Kvitkronesporvar hekkar enten lågt i buskar eller på bakken under buskar og legg tre til sju, typisk fem brun til raudflekka bleike eller grønnblå egg.

Storleiken på populasjonen er ikkje estimert og er trudd å vere stabil. Arten er klassifisert som globalt livskraftig.[3]

Spontant i Noreg

Eit individ av arten er registrert på Ona i Sandøy kommune, Møre og Romsdali oktober 2009, ein annan i Askvoll i Sogn og fjordane i mai 2019.[4] Dei er òg sjeldne streiffuglar til Grønland, Island, Irland, Storbritannia og andre land i Vest-Europa.

Kjelder

Referansar
  1. Jobling, James A (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 224, 414. ISBN 978-1-4081-2501-4.
  2. 2,0 2,1 2,2 Rising, J. (2019). White-crowned Sparrow (Zonotrichia leucophrys) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 14. september 2019
  3. BirdLife International (2019) Species factsheet: Zonotrichia leucophrys. Henta frå http://www.birdlife.org den 14. september 2019
  4. «Artsobservasjoner - rapportsystem for arter i Norge». Henta 14. september 2019.

Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kvitkronesporv
license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Kvitkronesporv: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Kvitkronesporv (Zonotrichia leucophrys) er ein fugl i amerikasporvfamilien, passerellidae med utbreiing avgrensa til Nord-Amerika. Karakteristisk for arten er kvit krone og svarte og kvite striper på hovudet.

Det vitskaplege namnet er frå gamalgresk. Slektsnavnet Zonotrichia kjem av 'sone', «band» og 'thrix', 'trikos', «hår», og artsnamnet leucophrys er frå 'leukos', «kvitt» og 'ophrus', «augebryn».

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Hvitkronespurv ( Norwegian )

provided by wikipedia NO
 src=
Hvitkronespurv

Hvitkronespurv (Zonotrichia leucophrys) er en middels stor spurv som hører til i Amerika. Som voksen er den om lag 18 cm lang. Den har svarte og hvite striper på hodet. Ansiktet er grått, øvre del av kroppen er brunstripet. Den har lang stjert og grå og brune vinger. Reiret bygges i busker eller på bakken. De legger 3-5 brungrå eller grønnblå egg. Den holder til i nordlige Canada og vestlige del av USA og overvintrer i det sørlige USA.

Observasjoner i Norge

Fuglen er svært sjelden i Europa, det er bare observert mellom fem og ti fugler her. Men i oktober 2009 tok mange ornitologer og fuglekikkere turen til Ona for å se på den sjeldne fuglen.[1][2] Det var et ungt eksemplar av arten, og man regnet med at den hadde fulgt med vinden over Atlanterhavet.

Referanser

Eksterne lenker

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia forfattere og redaktører
original
visit source
partner site
wikipedia NO

Hvitkronespurv: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NO
 src= Hvitkronespurv

Hvitkronespurv (Zonotrichia leucophrys) er en middels stor spurv som hører til i Amerika. Som voksen er den om lag 18 cm lang. Den har svarte og hvite striper på hodet. Ansiktet er grått, øvre del av kroppen er brunstripet. Den har lang stjert og grå og brune vinger. Reiret bygges i busker eller på bakken. De legger 3-5 brungrå eller grønnblå egg. Den holder til i nordlige Canada og vestlige del av USA og overvintrer i det sørlige USA.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia forfattere og redaktører
original
visit source
partner site
wikipedia NO