dcsimg

Siland ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Siland (Mergus serrator) er ein fugl i underfamilien Merginae.

Utsjånad

Silanda er ei mellomstor and med ein spiss utsjånad. Lengda er 52-59 cm og vengespennet 67-82 cm.

Hannen i praktdrakt har lang nakketufs og hovudet og øvre delen av halsen er svart med grønaktig glans. Nedre delen av halsen saman med magen er bleikt rustbrune med svartaktige flekkar. Ryggen er svart og undergumpen samt vengespegelen er kvite.

På hannen er hovudet og øvre delen av halsen raudbrune. Nedre delen av halsen samt sidene på frambrystet er gråaktige. Resten av undersida er kvit. Den lange, smale og beine nebben er raud med svart overdel, og føtene er raude.

Hannen i eklipsedrakt ser om lag ut som hoa men har ein stor kvit vengeflekk.

I flukta skil ein silanda frå laksanda på, i tillegg til mindre storleik, at hannen har ein mørk hals til skilnad frå laksanda sin heilkvite, og hos hofarga er overgangen mellom det bruna hovudet og det kvite brystet ikkje like tvert som hos laksanda. Dessutan har silanda svarte strekar på den kvite vengespegelen.

Læte

Hannen si spellæte er svak og høyrest sjeldan. Denne kan beskrivast som ei rytmisk hikking saman med eit nys med pausar mellom, "tjika ... pi-tjiih". Hoa har ein skurrande låt som kan høyrast oftare, "prrak prrak prrak..".

Utbreiing

Silanda har som laksanda sirkumpolar utbreiing, som strekker seg gjennom Nord-Amerika, søre delar av Grønland, det nordlege Europa med Skandinavia, og austover tvers gjennom det nordre og midtre Asia. Nesten heile verdspopulasjonen er trekkfuglar og storparten overvintrar langs kystane av Nord-Amerika både i aust i vest og sør, ved Vadehavet og langs Europa sin Atlanterhavskyst, austre delar av Middelhavet, kystane av Svartehavet og Kaspihavet samt på Kina og Japan sine kystar. I nokre område kan ho sjåast heile året. Dette er sørkysten av Alaska, Island, det sørlege Noreg, den svenske vestkysten samt Danmark og storparten av Storbritannia.

Leveområde i Noreg

Silanda er talrik og jamt utbreidd over det meste av landet, unnateke dei sentrale fjellområda samt skogfylket Hedmark. Den norske hekkebestanden er om lag 25 000 til 30 000 par. Silanda er mest talrik ved saltvatn, både i ytre kyststrok og inne i fjordane, og held seg ved bukter, sund, elveosar og mellom holmar og øyer. Ho likar best klart vatn enten det er salt eller ferskt, og helst der det er mykje fisk. Ved ferskvatn hekkar arten både langs innsjøar og elver opp til vierregionen.

Hekking og biotop

Silanda vert kjønnsmoden etter to år. Reiret vert lagt nær vatn, i skjul av steinar eller under ein busk, gøymt i tett vegetasjon eller i sprekker og grunne holrom. Ofte vert reiret lagt i terne- og måsekoloniar. Hoa legg i snitt 8 til 10 egg (opp til 14). Egga vert lagde tidleg i mai i Sør-Noreg, i juni i Finnmark. Desse er grågule og vert ruga av hoa i om lag 30 døgn. Silanda legg eitt kull i året, og hoa passar ungane i 60-65 døgn fram til dei er flygedyktige.

Trekktilhøve

Silanda er delvis trekkfugl og overvintrar langs heile kysten, med størst konsentrasjon i Trøndelag og på Nordmøre. Dette er fuglar frå heile det nordvestlege Europa.

Føde

Fisk av ymse slag. Dunungane et mellom anna stingsild.

Referansar

Fotnotar

Kjelder

  • Svensk Wikipedia.
  • Engelsk Wikipedia sin artikkel Red-breasted Merganser lesen 17 juli 2007.
  • Norsk Fugleatlas, 1994.
  • Lars Larsson (2001) Birds of the World, CD-rom
  • Mullarney, K. Svensson, L. Zetterström, D. (1999). Fågelguiden, Europas och medelhavsområdets fåglar i fält. (første opplag utg.). Stockholm: Albert Bonniers förlag. ISBN 91-34-51038-9. Parameteren |sid= er ikkje støtta av malen. (hjelp)CS1-vedlikehald: Fleire namn: forfattarliste (link)

Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Siland
license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Siland: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Siland (Mergus serrator) er ein fugl i underfamilien Merginae.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Siland ( Norwegian )

provided by wikipedia NO

Siland (Mergus serrator) er en kystbunden dykkende sjøfugl og en fiskeand som tilhører andefamilien. Siland er en norsk ansvarsart.[1]

Føde

De er for det meste fiskeetere og har tagger i nebbet som hjelper dem å holde på fisken. De eter også snegler og muslinger. De unge fuglene eter vanninsekter den første tiden. En undersøkelse fra Altaelva[2] beskriver næringsinntaket.


 src=
Hannkjønn fotografert i Oslofjorden ved Hurum.
Foto: Erlend Bjørtvedt
 src=
Mergus serrator

Hekking

Silanda kan hekke både i saltvann og i ferskvann. Ved kysten hekker den gjerne i store grupper på holmer og skjær. De legger som regel rundt 8-10 egg i mai/juni. Rugetiden varer i rundt en måned.

Referanser

Eksterne lenker


ornitologistubbDenne ornitologirelaterte artikkelen er foreløpig kort eller mangelfull, og du kan hjelpe Wikipedia ved å utvide den.
Det finnes mer utfyllende artikkel/artikler på .
license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia forfattere og redaktører
original
visit source
partner site
wikipedia NO

Siland: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NO

Siland (Mergus serrator) er en kystbunden dykkende sjøfugl og en fiskeand som tilhører andefamilien. Siland er en norsk ansvarsart.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia forfattere og redaktører
original
visit source
partner site
wikipedia NO