dcsimg

Løve ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Løva er eit stort rovdyr som lever på savannar, stepper og ørknar i Afrika og i eit reservat i nordvestlege India. Ho skil seg ut som det nest største av kattedyra (etter tigeren), og som det einaste sosiale. Ho høyrer med mellom dei mest brukte dyra i symbolikk og folklore, og opptrer mellom anna i det norske riksvåpenet.

Skildring

 src=
Hannløve i Namibia.

Løver veg som regel mellom 150 og 280 kg, og har ei kroppslengd på opptil 190-275 cm. Hannen er 20-50% større enn hoa. Fargen varierer frå lyst gulbrun til svart, alt etter kvar dyra lever; vanlegvis er dei lysast i ørkenstrok. Løva kan verta opp til 25 år i fangenskap. Det finst ei kryssing mellom løve og tiger, liger.

Utbreiing

Løva finst hovudsakleg i det sentrale og sørlege aust-Afrika, men isolerte populasjonar finst òg i Sahara og nord i India. Tidlegare fanst dei over eit mykje større område, m.a. heilt nord til HellasAristoteles' tid; men menneskeleg jakt og konkurranse har utrydja dei mange stadar. M.a tærte romarane mykje på bestanden i si tid.

Åtferd

Løva er det einaste sosiale kattedyret, og organiserer seg i flokkar på opp til 20-30 dyr. Kjernen i flokken består oftast av 4-12 løvinner i nær slekt, oftast kusiner og søstrer. Øvst på rangstigen i flokken ligg leiarhannen, som sjeldan er i slekt med løvinnene og vanlegvis har kome seg til makta i flokken ved å drepa den tidlegare leiaren. Stundom vert flokkar leidd av fleire hannar, det er då vanlegvis snakk om brødrepar. Alle ungar i flokken er avkom av leiarhannen/leiarhannane og holøvene, framande born eller born av tidlegare leiarar vert som regel drepne.

 src=
Løvehann og unge et ein nedlagt bøffel.

Løvene jaktar i flokk, og det er løvinnene som har hovudansvaret. I rike område, som Serengeti, bidreg ikkje hannen i det heile teke, medan det mellom anna i Namibiaørkenen er tilnærma likestilling på dette området på grunn av den knappe tilgangen på bytte. Berre ein av ti jakter ender med at løvene nedlegg eit dyr.

Rangordninga i flokken avgjer kva rekkjefølgje individa i flokken får ete av byttet. Leiaren et først, etterfølgd av eldre løvinner, før born og unge får krangla om restane. Dette gjer at mange døyr før dei rekk å bli kjønnsmogne, og fører til at berre dei sterkaste og mest hardføre løveungane overlever. og det er en løve som er farlig pluss at dem kan ikke snakke

Status som art

Løvebestanden har falle dramatisk over lengre tid. I Sentralafrika lever det per i dag mellom 16000 og 30000 dyr, mot 100 000 tidleg i 1990-åra. Utrekningar viser likevel at populasjonen er i vokster att, grunna auka barnekull. Situasjonen for den asiatiske løva er verre; den einaste populasjonen tel ikkje stort fleire enn 300 individ.

 src=
Statue av løve som kongssymbol med krone.

Løva i kultur og symbolikk

Løva symboliserer mot og styrke, og er eit vanleg dyr både i kunsten og heraldikken. Noreg høyrer til mellom dei mange landa som har ho i riksvåpenet sitt, saman med mellom anna Danmark, Storbritannia, Skottland og India.

Kjelder

  • Verdens dyr, Cappelen 1985

Bakgrunnsstoff

Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Panthera leo
Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Løve
license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Løve: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Løva er eit stort rovdyr som lever på savannar, stepper og ørknar i Afrika og i eit reservat i nordvestlege India. Ho skil seg ut som det nest største av kattedyra (etter tigeren), og som det einaste sosiale. Ho høyrer med mellom dei mest brukte dyra i symbolikk og folklore, og opptrer mellom anna i det norske riksvåpenet.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN