dcsimg

Kondorar ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Kondorar, Cathartidae, er ein biologisk familie med sju artar med leveområde avgrensa til varme og tempererte område av Amerika. Familien er den einaste medlemmen i ordenen Cathartiformes etter Clementslista.[1] Denne fuglegruppa er òg kalla vestgribbar.[2] Kondorar er ikkje nært i slekt med gribbar i «den gamle verda», likskapen mellom desse to gruppene kjem av konvergerande evolusjon. Kondorar skil seg frå gribbar med at dei har god luktesans medan gribbar berre kan finne åtsel med hjelp av synet. Dei fleste artar i begge grupper har eit karakteristisk hovud utan fjørkleding.

Systematikk

Klassifiseringa har vore omstridt, kondorar er plassert i ordenen Cathartiformes etter Clementslista, men i ordenen Accipitriformes, haukefuglar, etter IOC-lista.[3] Tidlegare var kondorfamilien ein del av ordenen falkefuglar, Falconiformes, men frå siste del av 1900-talet har mange rekne kondorar som storkefuglar.

Skildring

Kondorar er generelt store fuglar, og varierer i lengd frå 56-61 centimeter for den minste arten myrkondor på opp til storleiken for kaliforniakondor og andeskondor som begge kan nå 120 cm i lengd og vege over 12 kilogram. Fjørdrakta er i stor grad svart eller brun, ofte med kvite markeringar. Alle artar har fjørlaust hovud og naken hals. Hos nokon artar er huda her lys i farga, og hos kongekondoren er det utvikla store fargerike hudflikar og utvekstar.

Alle artar har lange, breie venger og en stiv hale begge egna til glideflukt på oppstigande luft. Av verdas fugleartar er kondorar dei som er best tilpassa slik flyging over land. Føtene har klør, men dei er svake og ikkje tilpassa griping av bytte. Framtærne er lange med ein liten hudlapp mot foten. Ingen kondorar har syrinx, som gjev fuglar evne til lage lyd, derfor har ikkje desse fuglane anna lyd enn sjeldne grynt.

Samanlikna med haukar har kondorar relativt svakt nebb. Nebbet er tilpassa det å rive kjøtt av delvis rotne åtsel, heller enn å rive fersk kjøtt. Naseopningane er ovale og sit i ein mjuk sere. Nasen er ikkje delt i midten av ein septum, men er hol tvers gjennom nebbet som ein ser tydeleg hos kalkungribben. Augo er framtredande, og i motsetnad til hos ørner, haukefuglar og falkar, ligg ikkje augo i skugge av kraftige augebrynbein. Medlemmer av slektene Coragyps og Cathartes har ein ufullstendig utvikla øvre augelokkfold og to rader på nedre lokk, medan kaliforniakondor, andeskondor og kongekondor manglar foldar totalt.

I likskap med storkefuglar, Ciconiiformes, har kondorar ein vane med å skilje ut væske ned på beina for å avkjøle beina.

Alle artar i familien er åtseletarar.

Artsliste

Kondorar i rekkjefølgje etter eBird/Clements Checklist v2017[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[4]

Slekt Coragyps
  • Svartkondor, Coragyps atratus, Black Vulture, Bechstein, 1793, (LC)
Slekt Cathartes
  • Kalkunkondor, Cathartes aura, Turkey Vulture, Linné, 1758, (LC)
  • Myrkondor, Cathartes burrovianus, Lesser Yellow-headed Vulture, Cassin, 1845, (LC)
  • Skogkondor, Cathartes melambrotus, Greater Yellow-headed Vulture, Wetmore, 1964, (LC)
Slekt Gymnogyps
  • Kaliforniakondor, Gymnogyps californianus, California Condor, Shaw, 1797, (CR)
Slekt Vultur
  • Andeskondor, Vultur gryphus, Andean Condor, Linné, 1758, (NT)
Slekt Sarcoramphus
  • Kongekondor, Sarcoramphus papa, King Vulture, Linné, 1758, (LC)

Kjelder

Fotnotar

  1. 1,0 1,1 Schulenberg T. S., M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, T. A. Fredericks, og D. Roberson (august 2017), eBird/Clements Checklist v2017 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. oktober 2017 CS1 maint: Multiple names: authors list (link)
  2. «Gribber» i Store norske leksikon, snl.no.
  3. Gill, F and D Donsker (Eds) (2018). «IOC World Bird Names (version 7.3) (Raptors)». Tilgjengeleg frå http://www.worldbirdnames.org/. Henta 1. januar 2018. External link in |publisher= (hjelp)
  4. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

Bakgrunnsstoff

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Kondorar: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Kondorar, Cathartidae, er ein biologisk familie med sju artar med leveområde avgrensa til varme og tempererte område av Amerika. Familien er den einaste medlemmen i ordenen Cathartiformes etter Clementslista. Denne fuglegruppa er òg kalla vestgribbar. Kondorar er ikkje nært i slekt med gribbar i «den gamle verda», likskapen mellom desse to gruppene kjem av konvergerande evolusjon. Kondorar skil seg frå gribbar med at dei har god luktesans medan gribbar berre kan finne åtsel med hjelp av synet. Dei fleste artar i begge grupper har eit karakteristisk hovud utan fjørkleding.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Kondorer ( Norwegian )

provided by wikipedia NO
Kondor omdirigeres hit, for andre betydninger se Kondor (andre betydninger)

Kondorfamilien (Cathartidae) eller kondorer (Cathartiformes) kalles også amerikagribber og vestgribber og er en familie av store rovfugler som finnes i Nord- og Sør-Amerika. Kondorene likner i bygning og levevis på de virkelige gribbene, men er i realiteten et slående tilfelle av konvergent evolusjon, ettersom begge gruppene først og fremst lever av åtsler Familien omfatter blant annet andeskondoren, som har et vingespenn som bare overgås av enkelte langvingede albatrosser.

engelsk brukes begrepet «condors» bare om andes- og kaliforniakondor, mens gruppen som sådan refereres til som «New World vultures».

Beskrivelse

 src=
Andeskondor, verdens største flygende fugl

Kondorer er store gribbeliknende fugler med et nakent hode og delvis naken hals. Nebbet er krumt og klørne kraftige. Disse tilpasningene likner dem vi finner hos gribber, og kondorene lever i stor grad på samme måte. Hovednæringen er åtsler, men de kan i sjeldne tilfeller også ta levende dyr.[1] De har delvis vært utsatt for utryddelsesjakt fordi de har blitt beskyldt for å ta lam.[2]

Tross likheten med gribber stammer kondorene fra en annen gruppe. I en tid har man trodd at kondorene var i nær slekt med storkefugler, i motsetning til de virkelige gribbene som er haukefugler.[3], men nå peker nyere forskning i retning av at kondorene kan bli skilt ut i sin egen orden - Cathartiformes. Fellestrekkene skyldes at de to gruppene har utviklet seg til å leve på samme måte, som åtseletere i tørre strøk. Kondorer jakter først og fremst med en høyt utviklet luktesans, mens de virkelige gribbene baserer seg på synet.[4]

Inndeling

Inndelingen følger HBW Alive og er i henhold til Houston (2019).[5] Norske navn på artene følger Norsk navnekomité for fugl og er i henhold til Syvertsen et al. (2008, 2017).[6][7]

Treliste

Referanser

  1. ^ Snyder, Noel F. R. & Snyder, Helen (2006): Raptors of North America: Natural History and Conservation. Voyageur Press. ISBN 0760325820 side 40
  2. ^ Tait, Malcolm (2006). Going, Going, Gone: Animals and Plants on the Brink of Extinction. Sterling Publishing. s. 22. ISBN 1-84525-027-3.
  3. ^ Sibley, Charles G., and Jon E. Ahlquist (1991) Phylogeny and Classification of Birds: A Study in Molecular Evolution. Yale University Press. ISBN 0-300-04085-7
  4. ^ Snyder, Noel F. R. & Snyder, Helen (2006): Raptors of North America: Natural History and Conservation. Voyageur Press. ISBN 0760325820 side 40
  5. ^ Houston, D. (2019). New World Vultures (Cathartidae). In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. (retrieved from https://www.hbw.com/node/52211 on 30 January 2019).
  6. ^ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening. www.birdlife.no (publisert 22.5.2008). Besøkt 2016-04-10
  7. ^ Syvertsen, P.O., M. Bergan, O.B. Hansen, H. Kvam, V. Ree og Ø. Syvertsen 2017: Ny verdensliste med norske fuglenavn. Norsk Ornitologisk Forenings hjemmesider: http://www.birdlife.no/fuglekunnskap/navn/om.php

Eksterne lenker

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia forfattere og redaktører
original
visit source
partner site
wikipedia NO

Kondorer: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NO
Kondor omdirigeres hit, for andre betydninger se Kondor (andre betydninger)

Kondorfamilien (Cathartidae) eller kondorer (Cathartiformes) kalles også amerikagribber og vestgribber og er en familie av store rovfugler som finnes i Nord- og Sør-Amerika. Kondorene likner i bygning og levevis på de virkelige gribbene, men er i realiteten et slående tilfelle av konvergent evolusjon, ettersom begge gruppene først og fremst lever av åtsler Familien omfatter blant annet andeskondoren, som har et vingespenn som bare overgås av enkelte langvingede albatrosser.

engelsk brukes begrepet «condors» bare om andes- og kaliforniakondor, mens gruppen som sådan refereres til som «New World vultures».

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia forfattere og redaktører
original
visit source
partner site
wikipedia NO