dcsimg

Breinebb ( норвешки )

добавил wikipedia NN

Breinebb er ein biologisk familie av små sporvefuglar, Eurylaimidae. Blåstrupebreinebb lever i Afrika sør for Sahara, resten har utbreiing som strekkjer seg frå det austlege Himalaya til Sumatra og Borneo.

Skildring

 src=
Langhalebreinebb, Psarisomus dalhousiae
Foto: JJ Harrison
 src=
Sotbreinebb, Corydon sumatranus
Foto: JJ Harrison
 src=
Solstripebreinebb, Eurylaimus javanicus
Foto: JJ Harrison

Mange av breinebba er sterkt farga fuglar. Dei varierer mellom 13 og 28 centimeter i lengd og lever i tett, bladfylt, våt skog, slik at dei kan skjule seg trass fargerik fjørdrakt.[1] Nebba er som namnet seier, breie, flate og litt krumma.

Levevis

Breinebba er for det meste insektetande og kjøttetande. Bytte omfattar insekt, kongroer, skolopendrar og tusenbein, og dessutan øgler og froskar som lever i tre. Dei kan ta byttedyr ved å kaste seg snøgt frå ei grein og snappe det i flukt, og ved å plukke bytte bort frå lauv og greiner. Nokre artar kan ta litt frukt, men berre dei grøne breinebba i slekta Calyptomena og blåstrupebreinebb er primært fruktetarar som òg tar nokre insekt i tillegg. Dei er generelt selskapelege, mange artar flyttar seg i flokkar på rundt 20 individ. Breinebb festar dei pungforma reira sine til greiner, og lèt ein hale av fiber hengje under. Dette gjev inntrykk av at reiret er tilfeldige restar av plantar fanga i treet. Kamuflasjeeffekten blir forbetra ytterlegare ved at fuglane dekkjer reiret med lav og spindelvev[1]. Breinebb legg vanlegvis to til tre egg.

Artsliste

Det har ikkje vore semje om slektene Smithornis og Calyptomena, arten sapayoa og gruppa asitiar fell inn i denne familien. IOC World Bird List, versjon 2.4, tar med begge[2] Etter september 2012 av Clementslista er sapayoa tatt ut til sin eigen familie, asitiar er framleis i sin eigen familie Philepittidae og Smithornis og Calyptomena er sett inn i ein ny familie Calyptomenidae‎.[3]

Breinebb i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[4] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[5]

Slekt Cymbirhynchus

Slekt Psarisomus

  • Langhalebreinebb, Psarisomus dalhousiae, Long-tailed Broadbill, LC, Jameson, 1835

Slekt Serilophus

  • Sølvbreinebb, Serilophus lunatus, Silver-breasted Broadbill, LC, Gould, 1834

Slekt Eurylaimus

  • Solstripebreinebb, Eurylaimus javanicus, Banded Broadbill, LC, Horsfield, 1821
  • Gulaugebreinebb, Eurylaimus ochromalus, Black-and-yellow Broadbill, NT, Raffles, 1822
  • Mindanaobreinebb, Eurylaimus steerii, Wattled Broadbill, VU, Sharpe, 1876
  • Visaybreinebb, Eurylaimus samarensis, Visayan Broadbill, VU, Steere, 1890

Slekt Corydon

  • Sotbreinebb, Corydon sumatranus, Dusky Broadbill, LC, Raffles, 1822

Slekt Pseudocalyptomena

Kjelder

Referansar

  1. 1,0 1,1 McClure, H. Elliott (1991). Forshaw, Joseph, red. Encyclopaedia of Animals: Birds. London: Merehurst Press. s. 158–158. ISBN 1-85391-186-0.
  2. Gill, F.; D. Donsker, red. (2010). «IOC World Bird Names (version 2.4)». Henta 20. juni 2010.
  3. Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood (september 2012), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.7 (Excel spreadsheet), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. oktober 2012
  4. Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 21. oktober 2014
  5. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Breinebb
лиценца
cc-by-sa-3.0
авторски права
Wikipedia authors and editors
изворно
посети извор
соработничко мреж. место
wikipedia NN

Breinebb: Brief Summary ( норвешки )

добавил wikipedia NN

Breinebb er ein biologisk familie av små sporvefuglar, Eurylaimidae. Blåstrupebreinebb lever i Afrika sør for Sahara, resten har utbreiing som strekkjer seg frå det austlege Himalaya til Sumatra og Borneo.

лиценца
cc-by-sa-3.0
авторски права
Wikipedia authors and editors
изворно
посети извор
соработничко мреж. место
wikipedia NN