dcsimg

Molte ( норвешки )

добавил wikipedia NN

Molte (Rubus chamaemorus) er ein plante i rosefamilien. Det gule bæret smakar godt og vert nytta som mat. Molte er namnet både på planten og bæret. Myrbær er eit anna namn på molte. Det vert særleg brukt om den umogne frukta.

Skildring

Molteplanten er ein fleirårig urt som gjerne veks på myr. Høgda er 5-20 cm.

Molte har ein krypande jordstengel, og mange blomar kan kome frå same plante. Blomstrane er kvite. På ein enkelt plante er det berre hoblomster eller berre hannblomster, ikkje begge delar. Fruktene, som er samansette av små steinfrukter, vert gule når dei mognar.

Molta har ei karakteristisk utvikling frå blome til mogen frukt.

  • Blomen er open
  • Kronblada fell av, og begerblada, hamsen, let seg att.
  • Frukta startar å vekse, kvit til grøn.
  • Ein ser den harde raude frukta, karten, mellom begerblada.
  • Bergerblada rettar seg ut, Frukta er mogen.

Utbreiing

 src=
Nesseby sitt kommunevåpen.

Molteplanten veks over heile Noreg. Han er å finne i torvmark, på næringsfattig myrjord, og i open skog. I Gudbrandsdalen veks han opp til 1400 m.o.h. På dei høgste veksestadane er plantene ofte sterile.

Elles veks han rund heile den nordlege halvkula. For det meste finn ein molta mellom 55°N og 78°N. I tillegg til Norden, veks han og i Baltikum, gjennom Nord-Russland aust til Stillehavet. Små førekomstar er funne lenger sør, mellom anna i Tyskland. Der kan han finnast i Weser- og Elbe-dalane. I Nord-Amerika veks molte gjennom det meste av Alaska og Canada.

Kultur

Molta er fylkesblomster i Finnmark. Nesseby kommune har ein molteplante i kommunevåpenet Den finske 2 euromynten viser molte og molteblome.

Bruk

 src=
Moltekrem

Bæra vert mellom anna brukt til syltetøy og moltekrem. Dei kan òg brukast til å laga likør av. Molte inneheld mykje C-vitamin. Molta har vore viktig for den nordlegaste delen av Noreg. Difor er det forbod mot å plukke molte på annan manns molteland. Dette gjeld i Finnmark, Troms og Nordland[1]. Tidlegare var det forbod mot å plukke moltekart over heile landet. Den lova vart teken vekk då det ikkje ser ut som molteplanten tek skade av kartplukking, noko ein tidlegare trudde.

Kjelder


Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Molte
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Rubus chamaemorus
лиценца
cc-by-sa-3.0
авторски права
Wikipedia authors and editors
изворно
посети извор
соработничко мреж. место
wikipedia NN

Molte: Brief Summary ( норвешки )

добавил wikipedia NN

Molte (Rubus chamaemorus) er ein plante i rosefamilien. Det gule bæret smakar godt og vert nytta som mat. Molte er namnet både på planten og bæret. Myrbær er eit anna namn på molte. Det vert særleg brukt om den umogne frukta.

лиценца
cc-by-sa-3.0
авторски права
Wikipedia authors and editors
изворно
посети извор
соработничко мреж. место
wikipedia NN