dcsimg

Nålefisk ( норвешки )

добавил wikipedia NN

Nålefisk ('Syngnathiformes) er ein orden beinfisk som lever i tropiske eller tempererte vatn over heile verda. Fiskane i familien er som regel særs tynne og avlange, og lever ofte mellom tang og ålegras på grunt vatn. Det er registrert om lag 240 artar, ved norskekysten finst sju av dei.

Kjenneteikn

Nålefisk har avlange kroppar som er pansra med ein serie beinringar. Dei har små munnar som sit ytst på ei røyrforma snute (bortsett frå i slekta Bulbonaricus). Bukfinnane manglar eller sit langt bak på kroppen, medan brystfinnane sit oppe med gjellene. Eit særtrekk med gruppa er at dei manglar ribbein, men har fått dei 3-6 første ryggvirvlane forlenga.

Systematikk

Standardverket Fishes of the World av Joseph Nelson reknar nålefiskane som ein underorden av stiklingfiskane; og det er brei semje om at dei to gruppene er nærskylde kvarandre. I FishBase vert dei rekna som systergrupper. Det er òg usemje om kva for familiar ein bør rekna med i kva for orden/underorden, Nelson reknar til dømes dei tradisjonelle stiklingfamiliane Pegasidae og Indostomidae til nålefiskane.

FishBase reknar med fem familiar:

Kjelder

  • Jonsson, Bror: «Nålefisk» i Norges Dyr - Fiskene 2 Cappelen 1992
  • FishBase
лиценца
cc-by-sa-3.0
авторски права
Wikipedia authors and editors
изворно
посети извор
соработничко мреж. место
wikipedia NN

Nålefisk: Brief Summary ( норвешки )