dcsimg

Natteramnar og seglarfuglar ( норвешки )

добавил wikipedia NN


Hamrenatteramn Caprimulgus macrurus
Hamrenatteramn
Caprimulgus macrurus

Systematikk Rike: Animalia Rekkje: Chordata Klasse: Aves Orden: Caprimulgiformes

Ridgway , 1881
Familiar
  • Sjå teksten
  • Den biologiske orden natteramnar og seglarfuglar (Caprimulgiformes) samlar froskemunnar, natteramnar og andre relaterte fugleartar. Utbreiingsområdet deira dekkjer det meste av verda, men dei finst ikkje i arktisk klima og på øyane på New Zealand.

    Nattfuglar som natteramnar og potuar skjuler seg om dagen med hjelp av komplisert kamuflasjeteknikk, fjørdrakta etterliknar tørre blad og bork på tre, eit fenomen som òg kallast krypsis.

    Ein antar at medlemmer i Caprimulgiformes har fjernt slektskap med ugler, Strigiformes.[treng kjelde]

    Taksonomi

    Caprimulgiformes samla tidlegare fem familiar, og framtidig åtte familiar, talet på artar i parentes:[1]

    Taksonomien av ordenen Apodiformes for seglarar og kolibriar, samt ordenen Caprimulgiformes for froskemunnar, natteramnar og andre relaterte fugleartar, blir for tida endra av taksonomiske autoritetar. Revisjonen av The Clements Checklist of Birds of the World, (eBird/Clements Checklist v2016), frå august 2016 har allereie iverksett ei endring slik at seglarar og kolibriar går inn i Caprimulgiformes.[1] Apodiformes går ut som takson i denne klassifiseringa, og Caprimulgiformes blir den største ordenen nest etter sporvefuglar med 588 artar.

    Kjelde

    1. 1,0 1,1 Schulenberg T. S., M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, T. A. Fredericks, og D. Roberson (august 2017), eBird/Clements Checklist v2017 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. oktober 2017 CS1 maint: Multiple names: authors list (link)
    лиценца
    cc-by-sa-3.0
    авторски права
    Wikipedia authors and editors
    изворно
    посети извор
    соработничко мреж. место
    wikipedia NN

    Natteramnar og seglarfuglar: Brief Summary ( норвешки )

    добавил wikipedia NN

    Den biologiske orden natteramnar og seglarfuglar (Caprimulgiformes) samlar froskemunnar, natteramnar og andre relaterte fugleartar. Utbreiingsområdet deira dekkjer det meste av verda, men dei finst ikkje i arktisk klima og på øyane på New Zealand.

    Nattfuglar som natteramnar og potuar skjuler seg om dagen med hjelp av komplisert kamuflasjeteknikk, fjørdrakta etterliknar tørre blad og bork på tre, eit fenomen som òg kallast krypsis.

    Ein antar at medlemmer i Caprimulgiformes har fjernt slektskap med ugler, Strigiformes.[treng kjelde]

    лиценца
    cc-by-sa-3.0
    авторски права
    Wikipedia authors and editors
    изворно
    посети извор
    соработничко мреж. место
    wikipedia NN