dcsimg

Burhinus ( норвешки )

добавил wikipedia NN

Flekktriel, Burhinus capensis Foto: Wikimedia-brukar Cburnett
Flekktriel, Burhinus capensis
Foto: Wikimedia-brukar Cburnett
Systematikk Rike: Animalia Rekkje: Chordata Klasse: Aves Orden: Charadriiformes Familie: Burhinidae Slekt: Burhinus Vitskapleg namn Burhinus

Burhinus er ei biologisk slekt av trielar og medlem av familien Burhinidae. Denne familien inneheld òg slekta Esacus. Slektsnamnet Burhinus kjem frå det greske bous, okse og rhis, nase.[1]

På engelske brukast det skildrande namnet 'thick-knee', tjukk-kne på desse fuglande. Dette er mellomstore, terrestriske vadarar, sjølv om dei er generelt funne i halvtørre til tørre, opne område. Berre nokre av artane er forbundne med vatn. Artane i slekta varierer frå 32 cm til 59 cm i storleik. Utsjånaden er prega av lange bein, lange venger og kamuflerande fjørdrakt. Dei fleste artane har eit kort, tjukt, sterkt nebb. Trielar kan treffast over heile verda bortsett frå i Antarktis. Dei er hovudsakleg tropiske, med størst mangfald i «den gamle verda».

Det er åtte artar av Burhinus-trielar. Ingen artar er truga, og ingen har blitt utrydda etter år 1600.

Artslista

Burhinus i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[3]

  • Vasstriel, Burhinus vermiculatus, Water Thick-knee, Cabanis, 1868, (LC)
  • Triel, Burhinus oedicnemus, Eurasian Thick-knee, Linné, 1758, (LC)
  • Bengaltriel, Burhinus indicus, Indian Thick-knee, Salvadori, 1865, (LC)
  • Flodtriel, Burhinus senegalensis, Senegal Thick-knee, Swainson, 1837, (LC)
  • Flekktriel, Burhinus capensis, Spotted Thick-knee, Lichtenstein, MHK, 1823, (LC)
  • Amerikatriel, Burhinus bistriatus, Double-striped Thick-knee, Wagler, 1829, (LC)
  • Gråtriel, Burhinus superciliaris, Peruvian Thick-knee, Tschudi, 1843, (LC)
  • Styltetriel, Burhinus grallarius, Bush Thick-knee, Latham, 1801, (LC)

Kjelder

Referansar
  1. Jobling, James A (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 81. ISBN 978-1-4081-2501-4.
  2. Schulenberg T. S., M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, T. A. Fredericks, og D. Roberson (august 2018), eBird/Clements Checklist v2018 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 7. april 2019 CS1 maint: Multiple names: authors list (link)
  3. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Burhinus
лиценца
cc-by-sa-3.0
авторски права
Wikipedia authors and editors
изворно
посети извор
соработничко мреж. место
wikipedia NN

Burhinus: Brief Summary ( норвешки )

добавил wikipedia NN

Burhinus er ei biologisk slekt av trielar og medlem av familien Burhinidae. Denne familien inneheld òg slekta Esacus. Slektsnamnet Burhinus kjem frå det greske bous, okse og rhis, nase.