Stankstorkenebb eller urakatt er ei urt i storkenebbfamilien. Utbreiinga er sirkumpolar.
Planta er kring 20 cm høg, har greina raudfarga stengel og trekopla findelte raudfarga blad. Begerblada har lang brodd. Kronblada er raude og kvitstripa. Planten har ei katteaktig lukt. Han blømer kring juli på berg og i ur.
Stankstorkenebb finst i Noreg nord til Troms. Han er funnen opp til 850 m i Voss.