dcsimg

Småeldkvede ( норвешки )

добавил wikipedia NN

Småeldkvede (Chaenomeles japonica), somme tider omtala som eldkvede, er ein lauvfellande busk i eldkvedeslekta i rosefamilien.

Skildring

Småeldkvede har ei vekseform som først er tett og risa, men som seinare blir overhengande og kroka. Gamle greiner er utbreidde, men unge skot er stivt opprette. Dei unge greinene ber rette greintornar. Blomstrande skot er derimot tornelause. Borken er først gråbrun, men seinare svartgrå og ru. Knoppane sit spreidde, og dei er små, runde og raudlege. Blomsterknoppane sit i knippe på små kortskot. Blada er ovale eller omvendt eggforma med sagtakka rand. Oversida er blank og mørkegrøn, medan undersida er grågrøn. Blomstrane er store, og dei spring ut kort før lauvspringet. Dei fargerike vårblomstrane kan vere raude, kvite, rosa eller fleirfarga.

 src=
Eldkvedefrukt

Frukta er gul og duftande, men òg hard og sur. Ho kan etast, men er hard. Ho er ikkje like kjent for sine eigenskapar i gelé og pai som slektningen Cydonia. Eldkvedefrukta er epleforma og inneheld raudbrune frø. Ho er kalla kusa-boke (草木瓜, kusa-boke) på japansk.

Rotnettet består av kraftige hovudrøter, som når langt ut og djupt ned. Siderøtene er fint forgreina og høgtliggande i jorda. Planta set mange rotskot.

Eldkvede er kortare enn ein annan vanleg dyrka slektning C. speciosa, og blir om lag 1 m høg.[1] Storleiken kan bli rundt 2 x 1,5 m (vekst 15 x 10 cm/år).

 src=
Blome av eldkvede.

Eldkvede er mykje nytta som hageplante, og står på norsk svartliste med vurdering som låg risiko for uønskt spreiing. Eldkvede hydridiserer med C. speciosa og dannar hybriden Chaenomeles x superba. C. japonica er ei populær plante i bonsaidyrking.[2]

Heimstad

Skogbryn og kratt nær skoggrensa i japanske fjell, der grunnen er grusete og næringsrik, og der det er full sol. Frøa spirer lett i Danmark.

Sortar og hybridar

  • Chaenomeles japonica Romsdal
  • Chaenomeles japonica Dømmesmoen
  • Chaenomeles japonica 'Ås'
  • Chaenomeles japonica 'Cido' - orange, tornefri (blir dyrka på grunn av frukta)
  • Chaenomeles x superba Hybrideldkvede
  • Chaenomeles x superba 'Crimson and Gold'
  • Chaenomeles x superba 'Nicoline' Dafo - purpurraud
  • Chaenomeles x superba 'Fire Dance'
  • Chaenomeles x superba 'Cameo'
  • Chaenomeles X superba 'Knap Hill Scarlet'
  • Chaenomeles x superba 'Pink Lady' - djuprosa
  • Chaenomeles x superba 'Texas Scarlet'
  • Chaenomeles x superba 'Andeken An Karl Ramcke'
  • Chaenomeles x superba 'Jet Trail’ - kvit

Kjelder

  1. Bailey, L.H.; Bailey, E.Z.; the staff of the Liberty Hyde Bailey Hortorium. 1976. Hortus third: A concise dictionary of plants cultivated in the United States and Canada. Macmillan, New York.
  2. D'Cruz, Mark. «Ma-Ke Bonsai Care Guide for Chaenomeles japonica». Ma-Ke Bonsai. Henta 8. juli 2011.


лиценца
cc-by-sa-3.0
авторски права
Wikipedia authors and editors
изворно
посети извор
соработничко мреж. место
wikipedia NN

Småeldkvede: Brief Summary ( норвешки )

добавил wikipedia NN

Småeldkvede (Chaenomeles japonica), somme tider omtala som eldkvede, er ein lauvfellande busk i eldkvedeslekta i rosefamilien.

лиценца
cc-by-sa-3.0
авторски права
Wikipedia authors and editors
изворно
посети извор
соработничко мреж. место
wikipedia NN