dcsimg

Toppklokke ( norvégien )

fourni par wikipedia NN

Toppklokke (Campanula glomerata) er ei fleirårig blomsterplante som høyrer til i klokkeslekta i klokkefamilien.

Skildring

Toppklokke er ein staude med opprett vekst. Stenglene er raudlege, firkanta i tverrsnitt og lett håra. Blada er sittande oppetter stengelen. Dei sit spreidd og er smalt eggforma til lansettforma med grovt takka rand. Oversid er grasgrøn og ru av nedsenka bladribber, medan undersida er gråkvit på grunn av eit tett hårlag.

Blomstringa finn stad i juni-september der ein finn endestilte blomstandar eller blomsterklasar og nokre få akselstilte blomsterstandar i bladhjørna oppetter stilken med nokre få blomstrar i kvar. Dei einskilde blomstrane er 20-25 mm lange og er regelmessige og klokkeforma, samanvaksne nedantil og med ein krage av utoverbøygde spissar. Kronblada er blåfiolette. Begerflikane er spisse. Frukta er kapslar med mange frø. Rotnettet består av ein kort jordstengel og trevla røter. Planta er fleirårig, særs hardfør og blir mellom 15-100 cm høg. Blomstringa finn stad i juni-september.

Toppklokke høyrer til dei klassiske bondehageplantene og den var mykje populær som prydplante i gamle dagar. Toppklokke kan bli særs gammal som hageplante og den klarar seg lenge på same stad utan stell. Den trivst på frisk, veldrenert jord eller i bakkar og skrentar, eng, skogbryn og i veggrøfter.

 src=
Planta sett frå sida.

Utbreiing

 src=
Humle på toppklokke.

Toppklokke veks naturleg i Norden, i store delar av det sørlege Finland og i det austlege Sverige frå om lag Sundsvall til Linköping. Det er òg spreidde førekomstar sør og vest i Sverige. I Danmark veks den berre i større bestandar på Sjælland og Lolland.

Arten kom til Noreg på 1860-talet, då den vart distribuert frå Botanisk hage i København. Den er kjent i 15 av Agder sine 30 kommunar og finst heilt opp til Bjåen i Bykle på 920 moh. Arten kjem opphavleg frå Europa og Asia.

Kultivarar og variantar

Campanula glomerata har mange kultivarar med ulike farger slik som 'Superba', 'Bellefleur', and 'Acaulis'. Den følgande ukomplette lista syner nokre av variantane med synonym.

Ein variant av arten er ulltoppklokke (Campanula glomerata ssp. farinosa). Den kan skiljast frå toppklokke ved at ulltoppklokke har tettare bladvekst, er meir kompakt, og berre har ein blomsterklase øvst på stengelen. Toppklokke har ofte einskilde klokkeblomstrar nedover stilken i bladhjørna.

  • Campanula glomerata ssp superba
  • Campanula glomerata subsp. aggregata (Willd.) Kirschleger (1851) (synonym = C. glomerata subsp. glomerata)
  • Campanula glomerata subsp. cervicarioides (R. & S) P.Fourn.
  • Campanula glomerata subsp. congesta (Roemer & Schultes) Schubler & Martens (1834) ( synonym = C. glomerata subsp. glomerata)
  • Campanula glomerata subsp. elliptica (Kit.) O.Schwarz
  • Campanula glomerata subsp. farinosa - Ulltoppklokke (Rochel) Kirschleger (1851)
  • Campanula glomerata subsp. glomerata - Engtoppklokke
  • Campanula glomerata subsp. serotina (Wettst.) O.Schwarz
  • Campanula glomerata subsp. speciosa Kirschleger (1851)
  • Campanula glomerata ssp superba - Prakttoppklokke
  • Campanula glomerata var. aggregata (Willd.) Koch (1846) (synonym: C. glomerata subsp. glomerata)
  • Campanula glomerata var. congesta (Roemer & Schultes) Rouy (1908) (synonym: C. glomerata subsp. glomerata)
  • Campanula glomerata var. farinosa (Andrz.) Koch (1846) (synonym: C. glomerata subsp. farinosa

Synonym

  • Campanula aggregata Willd. ex Schlecht. (1813) (synonym: C. glomerata subsp. glomerata)
  • Campanula cervicarioides Schultes in Roemer & Schultes (1819) (synonym: C. glomerata subsp. cervicarioide)
  • Campanula congesta Schultes in Roemer & Schultes (1819) (synonym: C. glomerata subsp. glomerata)
  • Campanula farinosa Andrz. in Besser (1821) (synonym: C. glomerata subsp. farinosa)
  • Campanula glaucophylla Schlosser & Vukot. (1875) (synonym: C. glomerata subsp. farinosa)
  • Campanula pusilla DC non Haenke (synonym: C. glomerata subsp. glomerata)
  • Campanula speciosa Hornem. (1815) non Pourret (1788) (synonym: C. glomerata subsp. glomerata)

Kjelder

  • Pignatti S. - Flora d'Italia – Edagricole – 1982, Vol. II, pag. 682

Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Toppklokke
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Campanula glomerata
licence
cc-by-sa-3.0
droit d’auteur
Wikipedia authors and editors
original
visiter la source
site partenaire
wikipedia NN

Toppklokke: Brief Summary ( norvégien )

fourni par wikipedia NN

Toppklokke (Campanula glomerata) er ei fleirårig blomsterplante som høyrer til i klokkeslekta i klokkefamilien.

licence
cc-by-sa-3.0
droit d’auteur
Wikipedia authors and editors
original
visiter la source
site partenaire
wikipedia NN

Toppklokke ( norvégien )

fourni par wikipedia NO

Toppklokke (latin: Campanula glomerata ssp glomerata eller superba) er en klassisk hageplante som tilhører klokkefamilien.

Toppklokkene har lilla eller mørk blåfarge. Planten er flerårig, svært hardfør og blir mellom 15-100 cm høy. Blomstringen skjer i juli-august. Toppklokke hører til de klassiske bondehageplantene og den var meget populær som prydplante i gamle dager. Toppklokke kan bli svært gammel som hageplante og den klarer seg lenge på samme sted uten stell. Den trives på frisk, veldrenert jord eller i bakker og skrenter, eng, skogsbryn og i veigrøfter.

 src=
Planten sett fra siden.

Toppklokke har 20-25 mm lange klokker i klase, og begerflikene er spisse. Den har blomsterklaser både øverst i stilken og underveis i bladhjørnene. Bladene er eggrunde og spisse, og fint rundtannete.

En variant av arten er ulltoppklokke (Campanula glomerata ssp farinosa). Den skilles fra toppklokke ved at ulltoppklokke har tettere bladvekst, er mer kompakt, og bare har en blomsterklase øverst på stengelen. Toppklokke har ofte enkelte klokkeblomster nedover stilken i bladhjørnene.

Utbredelse

Den vokser i Norden i store deler av det sørlige Finland, samt i østlige Sverige fra omtrent Sundsvall til Linköping. Det er også spredte forekomster sør og vest i Sverige. I Danmark vokser den bare i større bestander på Sjælland og Lolland.

Arten kom til Norge på 1860-tallet, da den ble distribuert fra Botanisk hage i København. Den er kjent i 15 av Agders 30 kommuner og finnes helt opp til Bjåen i Bykle på 920 moh. Arten kommer opprinnelig fra Europa og Asia.

Eksterne lenker

licence
cc-by-sa-3.0
droit d’auteur
Wikipedia forfattere og redaktører
original
visiter la source
site partenaire
wikipedia NO

Toppklokke: Brief Summary ( norvégien )

fourni par wikipedia NO

Toppklokke (latin: Campanula glomerata ssp glomerata eller superba) er en klassisk hageplante som tilhører klokkefamilien.

Toppklokkene har lilla eller mørk blåfarge. Planten er flerårig, svært hardfør og blir mellom 15-100 cm høy. Blomstringen skjer i juli-august. Toppklokke hører til de klassiske bondehageplantene og den var meget populær som prydplante i gamle dager. Toppklokke kan bli svært gammel som hageplante og den klarer seg lenge på samme sted uten stell. Den trives på frisk, veldrenert jord eller i bakker og skrenter, eng, skogsbryn og i veigrøfter.

 src= Planten sett fra siden.

Toppklokke har 20-25 mm lange klokker i klase, og begerflikene er spisse. Den har blomsterklaser både øverst i stilken og underveis i bladhjørnene. Bladene er eggrunde og spisse, og fint rundtannete.

En variant av arten er ulltoppklokke (Campanula glomerata ssp farinosa). Den skilles fra toppklokke ved at ulltoppklokke har tettere bladvekst, er mer kompakt, og bare har en blomsterklase øverst på stengelen. Toppklokke har ofte enkelte klokkeblomster nedover stilken i bladhjørnene.

licence
cc-by-sa-3.0
droit d’auteur
Wikipedia forfattere og redaktører
original
visiter la source
site partenaire
wikipedia NO