dcsimg

Kaurtang ( norvégien )

fourni par wikipedia NN


Fucus spiralis (Faroe stamp).jpg

Systematikk Domene: Eukaryota Rike: Chromalveolata Klasse: Phaeophyta Orden: Fucales Familie: Fucaceae Slekt: Fucus Art: F. spiralis Vitskapleg namn Fucus spiralis

Kaurtang er ei vanleg brunalge i strandsonen i Noreg.

Utsjånad

5-10 cm høg brunalge som ofte vert forveksla med blærelause småindivid av blæretang. Kaurtangen manglar blærer, og skota er noko spiralsnodde med midtnerve. Kjønnsorgana sit i urneliknande groper i oppsvulma greinspissar (receptaklar). Receptaklane på kaurtangen er runde og gulbrune, på blæretangen meir eller mindre avlange. På kaurtangen er receptaklane dessutan omgjevne av ein liten steril kant. Han- og hoorgan vert utvikla på same planta og om sommaren. På blæretange vert dei utvikla på ulike plantar i april-juni..

Utbreiing

 src=
Kaurtang var. platycarpus

Tangen finst vanleg langs strandlinene på atlanterhavskystane i Europa, Kanariøyane og Nord-Amerika.

Førekomst i Noreg

Kaurtangen veks gjerne i eit belte like over blæretangbeltet, og trivst på skjerma stadar og helst på nordvende svaberg. Finst langs heile kysten, men sparsamt i Skagerrakområdet.

Kjelder

  • *Denne artikkelen bygger på «Fucus spiralis» frå Wikipedia på engelsk, den 10. mars 2012.
  • Floraen i farger 2, Arne Pedersen og Jørgen Vasshaug, H. Aschehoug & Co. ( W. Nygaard ).
licence
cc-by-sa-3.0
droit d’auteur
Wikipedia authors and editors
original
visiter la source
site partenaire
wikipedia NN

Kaurtang: Brief Summary ( norvégien )

fourni par wikipedia NN

Kaurtang er ei vanleg brunalge i strandsonen i Noreg.

licence
cc-by-sa-3.0
droit d’auteur
Wikipedia authors and editors
original
visiter la source
site partenaire
wikipedia NN