dcsimg

Slørugler ( norja )

tarjonnut wikipedia NN

Slørugler, òg kalla tårnugler, er ein familie Tytonidae, og den eine av to familiar av ordenen ugler. Den andre familien er typiske ugler, Strigidae. Slørugler er middels til store ugler med stort hovud og karakteristisk hjarteforma andlet. Dei har lange, sterke bein med kraftig klør. Dei skil seg frå Strigidae i strukturelle detaljar, spesielt i brystbein og føter.

Slørugler er ei vidt spreidd fuglegruppe, men finst ikkje i nordlege Nord-Amerika, Sahara store delar av Asia. Dei lever i eit breitt spekter av habitat frå ørken til skog, og frå tempererte breiddegradar til tropane.

Skildring

Det mest markerte kjenneteiknet for slørugler er det hjarteforma andletet, danna av stive fjører som tener til å forsterke og lokalisere kjelda til lydar under jakt. Ytterlegare tilpassingar i flygefjører eliminerer vindstøy under flyging, det hjelper fuglen sjølv til å høyre i flukt, og det medverkar til at byttedyr ikkje vert merksam på ugla som jagar. Slørugler har mørkare overside og bakside enn framside, vanlegvis er farga oransjebrun. Fronten har ei bleikare utgåve av ryggfarga, gjerne spetta, men det er store variasjonar sjølv innanfor same arten. Dei to artane i slekta Phodilus skil seg frå Tyto ved å vere litt mindre, har øyreduskar og delt andlet.

Dei fleste av dei 16 nolevande artane av slørugler er lite utforska. Somme, som okerslørugla, har knapt vore sett eller studert etter at ho vart funnen, i motsetnad til tårnugla som er ein av dei best kjente ugleartane i verda. Men det finst underartar av arten tårnugle som er svært dårleg kjente og som kan vere verdig å bli skildra som sjølvstendige artar.

Seks artar av slørugler er trua. Slørugler er hovudsakleg nattaktive, generelt ikkje trekkfuglar, og dei lever i par eller enkeltvis.

Artsliste av nolevande artar

Slørugler i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[2]

Slekt Tyto

  • Sotslørugle, Tyto tenebricosa, Sooty Owl, Gould, 1845, (LC)
  • Storslørugle, Tyto novaehollandiae, Australian Masked-Owl, Stephens, 1826, (LC)
  • Gullslørugle, Tyto aurantia, Golden Masked-Owl, Salvadori, 1881, (VU)
  • Seramslørugle, Tyto almae, Seram Masked-Owl, Jønsson, Poulsen, Haryoko, Reeve & Fabre, 2013, (DD)
  • Tanimbarslørugle, Tyto sororcula, Lesser Masked-Owl, Sclater, 1883
  • Manusslørugle, Tyto manusi, Manus Masked-Owl, Rothschild & Hartert, 1914
  • Taliabuslørugle, Tyto nigrobrunnea, Taliabu Masked-Owl, Neumann, 1939, (VU)
  • Minahasaslørugle, Tyto inexspectata, Minahassa Masked-Owl, Schlegel, 1879, (VU)
  • Sulawesislørugle, Tyto rosenbergii, Sulawesi Masked-Owl, Schlegel, 1866, (LC)
  • Engslørugle, Tyto longimembris, Australasian Grass-Owl, Jerdon, 1839, (LC)
  • Graslørugle, Tyto capensis, African Grass-Owl, Smith, A, 1834, (LC)
  • Tårnugle, Tyto alba, Barn Owl, Scopoli, 1769, (LC)
  • Aprikosslørugle, Tyto deroepstorffi, Andaman Masked-Owl, Hume, 1875
  • Hispaniolaslørugle, Tyto glaucops, Ashy-faced Owl, Kaup, 1852, (LC)
  • Okerslørugle, Tyto soumagnei, Red Owl, Grandidier, 1878, (VU)

Slekt Phodilus

Kjelder

Referansar

  1. Schulenberg T. S., M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, T. A. Fredericks, og D. Roberson (august 2018), eBird/Clements Checklist v2018 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 24. februar 2019 CS1 maint: Multiple names: authors list (link)
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Slørugler
lisenssi
cc-by-sa-3.0
tekijänoikeus
Wikipedia authors and editors
alkuperäinen
käy lähteessä
kumppanisivusto
wikipedia NN

Slørugler: Brief Summary ( norja )

tarjonnut wikipedia NN

Slørugler, òg kalla tårnugler, er ein familie Tytonidae, og den eine av to familiar av ordenen ugler. Den andre familien er typiske ugler, Strigidae. Slørugler er middels til store ugler med stort hovud og karakteristisk hjarteforma andlet. Dei har lange, sterke bein med kraftig klør. Dei skil seg frå Strigidae i strukturelle detaljar, spesielt i brystbein og føter.

Slørugler er ei vidt spreidd fuglegruppe, men finst ikkje i nordlege Nord-Amerika, Sahara store delar av Asia. Dei lever i eit breitt spekter av habitat frå ørken til skog, og frå tempererte breiddegradar til tropane.

lisenssi
cc-by-sa-3.0
tekijänoikeus
Wikipedia authors and editors
alkuperäinen
käy lähteessä
kumppanisivusto
wikipedia NN