dcsimg
Sivun Keltapensashanhikki kuva
Life » » Archaeplastida » » Kaksisirkkaiset » » Ruusukasvit »

Keltapensashanhikki

Dasiphora fruticosa (L.) Rydb.

Buskmure ( norja )

tarjonnut wikipedia NN

Buskmure er ei plante i rosefamilien. Arten har ei sirkumpolar utbreiing, og veks i Nord-Europa, i det nordlege Sibir, i Alaska, det nordlege Canada og på Grønland. Buskmure er ei lita lauvfellande busk med ei stiv opprett og tettgreina vekstform. Planta vert om lag 1.5 m i diameter. Borken er først lysgrøn med tett hårkledning. Seinare vert borken brun og stripet, og til sist skalar han av i tynne strimlar. Knoppane er spreidde og spisse med grågrøn farge. Blada er ulikefinna med 3-7 småblad. Kvart småblad er elliptisk med heil rand og lett hårkledning. Oversida er grågrøn, medan undersida er gråleg. Blomstrane liknar jordbærplanta sine i forma, og dei kan vert gule, oransje, lyseraude eller kvite, alt etter sorten. Fruktene er små nøtter, som modnast og spirer villig. I Noreg veks planta ikkje vilt. Buskmura er ei mykje nytta pryd- og hekkplante i hagar.

Kjelder

  • Dansk wikipedia.
lisenssi
cc-by-sa-3.0
tekijänoikeus
Wikipedia authors and editors
alkuperäinen
käy lähteessä
kumppanisivusto
wikipedia NN

Buskmure: Brief Summary ( norja )