Leppeblomordenen (Lamiales) er ein orden i korgplante-kladen Asteridae, som er tofrøblada blomsterplantar. Velkjende medlemmer av denne gruppa er askeslekta, sjasmin, lavendel, oliven, syrin, teak og fleire krydderplantar som basilikum, mynte og rosmarin.
Leppeblomordenen omfattar i APG II-systemet 22 familiar. Den tidlegare vasshårfamilien (Callitrichaceae) er her rekna som ein underfamilie av den reviderte maskeblomfamilien (Plantaginaceae). Familiane er:
Særleg maskeblomfamilien, i sitt tradisjonelle omfang, var ei stor gruppe som har gått gjennom store taksonomiske endringar og reklassifiseringar. Med APG II-systemet i 2003 blei gruppa igjen kraftig endra, ved at nesten alle slektene blei overført til anten den reviderte maskeblomfamilien (Plantaginaceae) eller snylterotfamilien (Orobanchaceae).