dcsimg

Flimmerdyr ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Infusjonsdyr, flimmerdyr eller ciliatar er ei biologisk rekkje av eincella organismar som lever nesten overalt der det finst vatn. Dei er kjenneteikna av at dei har to ulike slags cellekjernar og er kledd med flimmerhår, anten heile livet eller, hjå klassen Suctoria, berre i ungdomsstadia.[1] Organismane kan bruka flimmerhåra til å symja, kravla, føla, ta inn mat og halda seg fast.

 src=
Cellestrukturen i eit flimmerdyr: 1 Samantekkjane vakuole, 2 fordøyande vakuole, 3 makrokjerne, 4 mikrokjerne, 5 cytoprocto (celleanus), 6 cytopharynx, 7 cellemunn, 8 flimmerhår.

Skildring

Dei fleste typar flimmerdyr er frittsymjande og tilnærma kule- eller eggforma. Nokre artar er avflata og nokre er fastsitjande.

Flimmerdyra skil seg frå mange andre eincella organismar gjennom å ha spesialiserte celleorgan, organeller, som har bestemt plass i kroppen slik at ein tydeleg kan skilja mellom over- og undersida til ein organisme. Dei har eit seigt protoplasmalag ytst, ektoplasma, med hud (pellicula), og meir tyntflytande entoplasma inni.

I entoplasmaet finst pigmentkorn, krystallar og nærings- og pulsereade vakuolar (blærer). Dei har to ulike cellekjerner: Storkjernen, macronucleus, som regulerer rørsle og stoffskifte, og like ved ein småkjerne, micronucleus, som regulerer kjønnsprosessen. Denne mindre kjernen ligg ofte i ei innbukting av den store.

Flimmerdyra tek opp næring gjennom cellemunnen, som ofte ligg i botnen av ei flimmerhårkledd grop eller fure (munnfelt) på framkroppen. Munnen fortset i eit traktforma svelg inn i entoplasmaet. Ufordøyde næringsrestar blir utstøytte av kroppen gjennom celleanus.

Det finst over 8000 artar flimmerdyr. Dei er delt i fire klassar: Holotricha, Peritricha, Suctoria og Spirotricha.

Bakgrunnsstoff

Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Ciliophora


Kjelder

Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Flimmerdyr: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Infusjonsdyr, flimmerdyr eller ciliatar er ei biologisk rekkje av eincella organismar som lever nesten overalt der det finst vatn. Dei er kjenneteikna av at dei har to ulike slags cellekjernar og er kledd med flimmerhår, anten heile livet eller, hjå klassen Suctoria, berre i ungdomsstadia. Organismane kan bruka flimmerhåra til å symja, kravla, føla, ta inn mat og halda seg fast.

 src= Cellestrukturen i eit flimmerdyr: 1 Samantekkjane vakuole, 2 fordøyande vakuole, 3 makrokjerne, 4 mikrokjerne, 5 cytoprocto (celleanus), 6 cytopharynx, 7 cellemunn, 8 flimmerhår.
license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Flimmerdyr ( Norwegian )

provided by wikipedia NO
Må ikke forveksles med flimmerorm.

Flimmerdyr, også kalt ciliater, infusjonsdyr eller infusorier, er en gruppe frittlevende organismer som finnes i alt næringsrikt vann. De beveger seg med en rekke utvekster – cilier.

Eksterne lenker

zoologistubbDenne zoologirelaterte artikkelen er foreløpig kort eller mangelfull, og du kan hjelpe Wikipedia ved å utvide den.
Det finnes mer utfyllende artikkel/artikler på .
license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia forfattere og redaktører
original
visit source
partner site
wikipedia NO

Flimmerdyr: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NO
Må ikke forveksles med flimmerorm.

Flimmerdyr, også kalt ciliater, infusjonsdyr eller infusorier, er en gruppe frittlevende organismer som finnes i alt næringsrikt vann. De beveger seg med en rekke utvekster – cilier.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia forfattere og redaktører
original
visit source
partner site
wikipedia NO