Pitta er ei biologisk slekt av fuglar i familien Pittidae som lever i eit belte frå Afrika gjennom India, søraustlege Asia, Ny-Guinea og til Australia. Dette er sky, fargerike fuglar som beitar på skogbotnen. Dei er langbeinte og korthala med avrunda venger.[1] Begge foreldra tar del i reirbygging, ruging og oppseding av ungane.[2] Rugetida er rundt 17 dagar, og ungane er nakne og hjelpelause ved klekking.[2]
Ei gruppe av ca. 50 artar neotropiske fuglar, maurpittaer, liknar pittaer med sin hoppande gangart, åtferd i løynd, med lange bein og korte halar.
Slekta Pitta inneheld 14 artar, fordelt frå Afrika til Australia, gjennom sørlege, austlege og søraustlege Asia, Ny-Guinea, og Salomonøyene. Dette var tidlegare den einaste slekta i familien, som då innehelt 31 artar.[1] Men etter ein studie frå 2006 blei to andre slekter, Erythropitta og Hydrornis, skilde ut, sjølv om alle medlemmer av familien heldt fram å vere kjente som pittaer.[3]
Slekta Pitta i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.9 frå august 2014[4] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[5]
Pitta er ei biologisk slekt av fuglar i familien Pittidae som lever i eit belte frå Afrika gjennom India, søraustlege Asia, Ny-Guinea og til Australia. Dette er sky, fargerike fuglar som beitar på skogbotnen. Dei er langbeinte og korthala med avrunda venger. Begge foreldra tar del i reirbygging, ruging og oppseding av ungane. Rugetida er rundt 17 dagar, og ungane er nakne og hjelpelause ved klekking.
Ei gruppe av ca. 50 artar neotropiske fuglar, maurpittaer, liknar pittaer med sin hoppande gangart, åtferd i løynd, med lange bein og korte halar.