dcsimg

Kvitstrupesporv ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Kvitstrupesporv (Zonotrichia albicollis) er ein trekkfugl i amerikasporvfamilien som hekkar i Canada og nordaustlegaste USA og overvintrar i USA.

Arten er monotypisk, utan underartar, men det finst to fargevariantar. Ein 'brunbryna' med ei brei brungul augebrynstripe og ein 'kvitbryna' variant.

Skildring

 src=
██ Hekkeområde██ Både hekking og overvintring██ Overvintring

Denne arten er ein mellomstor medlem av amerikasporvfamilien, 15-17 centimeter i kroppslengd. Hovudet til den 'kvitbryna' fargevarianten liknar kvitkronesporv med eit kvitt isseband frå nebb mot bakhovud, omkrinsa av svarte striper, eit kvitt felt mellom denne og ei svart augestripe som går mot nakken. Til skilnad frå kvitkronesporven har han eit kraftig farga gult område mellom nebb og auge. Han har òg kvit strupe mot gråe kinn og grått bryst. Unge fuglar og delar av den vaksne populasjonen er 'brunbryna'. Omtrent halve populasjonen er av denne varianten.[1][2]

Hekkinga skjer i blandingsskog eller i open barskog. Ein kan finne hekkande kvitstrupesporvar langs vegkantar og i høgda opptil 3500 moh. Hekkeområdet er i provinsane av Canada frå vest til aust, i søraustlege Yukon. I USA inn i statane rundt Dei store sjøane som Minnesota, Wisconsin, Michigan, og austover lengst nord mot atlanterhavskysten. Overvintring skjer i søraustlegaste statane og langs stillehavskysten. Der er òg kvitstrupesporvar vinterstid inn i ekstremt nordlegaste Mexico.[1]

Desse fuglane beitar på eller nær bakken. Om sommaren etter insekt og andre leddyr, om vinteren etter frø og bær. Om våren gjerne knoppar av eik. Dei kan beite einskildvis, i par eller dei kan vere med i store fleirartsflokkar utanom hekkesesongen.[1]

Storleiken på populasjonen er ikkje estimert og er trudd å vere stabil. Han er vanleg i utbreiingsområdet og klassifisert som globalt livskraftig.[3]

Spontant i Noreg

Eit individ av arten er registrert i Orkdal kommune, Trøndelagsommaren 2002, ein annan kvitstrupesporv heldt seg på Røst i Nordland gjennom sommaren 2003.[4]

Kjelder

Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 Rising, J. (2019) White-throated Sparrow (Zonotrichia albicollis) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 21. september 2019
  2. Svensson, Lars et al (2011). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 9788205418820.
  3. BirdLife International (2019) Species factsheet: Zonotrichia albicollis. Henta frå http://www.birdlife.org den 21. september 2019
  4. «Artsobservasjoner - rapportsystem for arter i Norge». Henta 21. september 2019.

Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kvitstrupesporv
license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Kvitstrupesporv: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Kvitstrupesporv (Zonotrichia albicollis) er ein trekkfugl i amerikasporvfamilien som hekkar i Canada og nordaustlegaste USA og overvintrar i USA.

Arten er monotypisk, utan underartar, men det finst to fargevariantar. Ein 'brunbryna' med ei brei brungul augebrynstripe og ein 'kvitbryna' variant.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Hvitstrupespurv ( Norwegian )

provided by wikipedia NO

Hvitstrupespurv (vitenskapelig navn Zonotrichia albicollis) er en fugl.

Ernæring

Hvitstrupespurv spiser frø, insekter og bær.

Referanser

Eksterne lenker

ornitologistubbDenne ornitologirelaterte artikkelen er foreløpig kort eller mangelfull, og du kan hjelpe Wikipedia ved å utvide den.
Det finnes mer utfyllende artikkel/artikler på .
license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia forfattere og redaktører
original
visit source
partner site
wikipedia NO

Hvitstrupespurv: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NO

Hvitstrupespurv (vitenskapelig navn Zonotrichia albicollis) er en fugl.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia forfattere og redaktører
original
visit source
partner site
wikipedia NO