Skogflaggermus, eldre namn Brandtflaggermus (Myotis brandtii) er ei flaggermus i glattnasefamilien. Flaggermusa lever i Eurasia frå England i vest til Sentral-Asia i aust, med spreidde bestandar i Mongolia, Kina og Japan. Ho lever i lauvskog og blandingsskog, somme tider barskog, ofte nær vatn. Om vinteren går ho i dvale i tunnellar, holer eller kjellarar.[1] Dei er vanskeleg å skilja frå skjeggflaggermus, umogleg utan å fanga dei. I Noreg er ho funnen på Austlandet, nord til Nord-Trøndelag.[2]
Skogflaggermus, eldre namn Brandtflaggermus (Myotis brandtii) er ei flaggermus i glattnasefamilien. Flaggermusa lever i Eurasia frå England i vest til Sentral-Asia i aust, med spreidde bestandar i Mongolia, Kina og Japan. Ho lever i lauvskog og blandingsskog, somme tider barskog, ofte nær vatn. Om vinteren går ho i dvale i tunnellar, holer eller kjellarar. Dei er vanskeleg å skilja frå skjeggflaggermus, umogleg utan å fanga dei. I Noreg er ho funnen på Austlandet, nord til Nord-Trøndelag.