dcsimg

Sylvioidea ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Sylvioidea er ein superfamilie innanfor ordenen sporvefuglar, ein av minst tre store kladar av sporvefuglar, saman med Muscicapoidea og Passeroidea. Han inneheld omtrent 1300 artar inkludert songarfamilien, timalfamilien, svaler, lerker og bylbylar. Medlemmer av kladen finst over heile verda, men færre artar er til stades i Amerika enn i andre verdsdelar.

Superfamilien Sylvioidea vart først foreslått i 1990 i Sibley – Ahlquist taksonomien for fuglar basert på DNA–DNA-hybridiseringsforsøk.[1] Nyare studiar basert på samanlikning av DNA-sekvensar har ikkje funne stønad for å inkludere familiar som Certhiidae (trekryparar), Sittidae (spettmeiser), Paridae (meiser) og Regulidae (fuglekongar), men stør i staden inklusjon av Alaudidae (lerker).[2] Fleire av familiane i Sylvioidea har blitt omdefinerte kraftig. Spesielt songarfamilien Sylviidae og timalfamilien Timaliidae vart brukt som oppsamlingstakson og omfatta mange artar som har vist seg ikkje å vere nært nærskyldte. Fleire nye familiar har blitt oppretta og nokre artar har rørt seg mellom familiane.

Familieoversyn

Norske namn og vitskapleg namn for fuglefamiliar som reknast å vere medlemmar av superfamilien Sylvioidea etter David W. Winkler et al, 2015:[3]

Utvikling rundt familietaksonet Sylviidae

Ved byrjinga av 1900-talet hadde omtrent kvar kjende insektetande «songar» i «den gamle verda» på eit eller anna tidspunkt blitt plassert i familien Muscicapidae, flugesnapparar, og dei fleste heldt fram i den plasseringa. Muscicapidae var den gongen rekna som eit stort oppsamlingstakson og Sylviidae vart på eit tidspunkt skilt ut frå Muscicapidae.

Først etter midten av 1900-talet byrja oppdelinga av tidlegare «stor-Muscicapidae» for alvor. Likevel heldt Sylvidae fram som ein stor familie, med få klåre kjennelege slektskapsmønstre. Men slett ikkje så uklårt som i Timaliidae, timalar, eit anna oppsamlingstakson med meir trastliknande artar, og grensene mellom grupper frå tidlegare «stor-Muscicapidae» var mykje uklåre. Dei hovudsakleg sørlege songfuglane i familien Cisticolidae, grassongarar, vart tradisjonelt inkludert i Sylviidae. Fuglekongar, ei lita slekt i ein monotypisk familie Regulidae, vart òg ofte plassert i Sylviidae. American Ornithologists' Union (AOU) har dessutan hatt inne myggetarar som ein underfamilie innanfor Sylviidae.

På slutten av 1900-talet vart Sylviidae tenkt å samle nesten 300 små insektetande fuglar i nær 50 slekter.

Sibley & Ahlquist (1990) sameinte Sylviidae, timalar og andre grupper i ein superfamilen Sylvioidea som følgje av studiar i DNA-DNA hybridisering. Dette viste at det opphavlege Muscicapidae-taksonet i utgangspunktet var definert som eit formtakson som samla heilt urelaterte songfuglar. Følgjeleg var det sett spørsmålsteikn omkring monofyli i dei einskilde «songfugllinjene».

Seinare har det blitt samla informasjon for studiar av Sylvioidea. I 2003 viste ein studie av Timaliidae relasjonar (Cibois 2003a) ved hjelp av data frå DNA at Sylviidae og Timaliidae ikkje var gjensidig monofyliske til kvarandre. Dessutan viste det seg at slekta Sylvia, typegenus i Sylvidae, viste seg vere nærare takson som gulaugetimal, Chrysomma sinense, tradisjonelt halden for å vere ein atypisk timaliid, og chaparralfugl, Chamaea fasciata, ein gåtefull art generelt halden for å vere einaste timal i Amerika. Buttnebb, tidlegare rekna som ein familie Paradoxornithidae («rare fuglar») med uklårt slektskap var òg ein del av det som tilsynelatande var ein karakteristisk klade.

Cibois foreslo at Sylviidae offisielt skulle fjernast som takson og slekta Sylvia fusjonerast inn i Timaliidae (Cibois 2003b), men det stod att tvil om dette, og det var naudsynt å studere eit breitt spekter av takson. Dette vart starta opp av Beresford et al. (2005) og Alström et al. (2006). Dei synte at Sylviidae, slik taksonet var på slutten av 1900-talet, samla minst fire, kanskje så mykje som sju store distinkte linjer. Forfattarane la derfor framlegg om skiping av fleire nye familiar for betre å reflektere den evolusjonære historia til sylvioid-gruppa.

Nokre av dei nye familiane er:

Familien Sylviidae, på si side, får fleire takson inn frå andre familiar. Likevel har den no monofyliske familien krympa mykje, ned til ca. 32 artar i 2 slekter, før han auka igjen i 2019.

Seinare endringar i Sylviidae

Songarfamilien og timalfamilien er under stor endring, i 2009 for eksempel, blei følgjande endringar gjort til versjon 6.4 av Clementslista:[4]

Flytting ut frå Sylviidae 2009

  • Slekta Eremomela flytta inn i grassongarar, Cisticolidae.

Flytting inn i Sylviidae 2009

Flytting ut frå Sylviidae 2011

Vidare etter oppdateringar i 2011.[5]

Flytting inn i Sylviidae 2011

  • Den splitta slekta Fulvetta med åtte artar inn i Sylviidae[10]

Seinare flyttingar

Kjelder

  • Alström, P., Ericson, P. G. P., Olsson, U., & Sundberg, P. (2006). Phylogeny and classification of the avian superfamily Sylvioidea. Molecular Phylogenetics and Evolution 38 (2): 381–397. doi:10.1016/j.ympev.2005.05.015
  • Baker, K. (1997). Warblers of Europe, Asia, and North Africa. Helm ISBN 0-7136-3971-7.
  • Barker, F. K., Cibois, A., Schikler, P. A., Feinstein, J., & Cracraft, J. (2004): Phylogeny and diversification of the largest avian radiation. Proceedings of the National Academy of Sciences 101 (30): 11040-11045. doi:10.1073/pnas.0401892101 PDF fulltext Supporting information
  • Beresford, P., Barker, F. K., Ryan, P. G., & Crowe, T. M. (2005): African endemics span the tree of songbirds (Passeri): molecular systematics of several evolutionary 'enigmas'. Proceedings of the Royal Society 272 (1565): 849–858. doi:10.1098/rspb.2004.2997 PDF fulltext Electronic appendix
  • Cibois, A. (2003a). Mitochondrial DNA Phylogeny of Babblers (Timaliidae). |Auk 120 (1): 1-20. DOI: 10.1642/0004-8038(2003)120[0035:MDPOBT]2.0.CO;2 HTML fulltext without images
  • Cibois, A. (2003b). Sylvia is a babbler: taxonomic implications for the families Sylviidae and Timaliidae.Bulletin of the British Ornithologists' Club 123: 257-261.
  • Cibois, A., Slikas, B., Schulenberg, T. S., & Pasquet, E. (2001). An endemic radiation of Malagasy songbirds is revealed by mitochondrial DNA sequence data. Evolution 55 (6): 1198-1206. DOI:10.1554/0014-3820(2001)055[1198:AEROMS]2.0.CO;2 PDF fulltext
  • del Hoyo, J.; Elliot, A. & Christie D. (editors). (2006). Handbook of the Birds of the World. Volume 11: Old World Flycatchers to Old World Warblers. Lynx Edicions. ISBN 849655306X.
  • Ericson, P. G. P. & Johansson, U. S. (2003). Phylogeny of Passerida (Aves: Passeriformes) based on nuclear and mitochondrial sequence data. Molecular Phylogenetics and Evolution 29 (1): 126–138 doi:10.1016/S1055-7903(03)00067-8 PDF fulltext
  • Fuchs, J., Fjeldsa, J., Bowie, R. C. K., Voelker, G., & Pasquet, E. (2006). The African warbler genus Hyliota as a lost lineage in the Oscine songbird tree: Molecular support for an African origin of the Passerida. Molecular Phylogenetics and Evolution 39 (1): 186-197. doi::10.1016/j.ympev.2005.07.020
  • Shirihai, H., Gargallo, G., & Helbig, A. J. (2001). Sylvia Warblers. Helm ISBN 0-7136-3984-9.
  • Sibley, C. G. & Ahlquist, J. E. (1990). Phylogeny and classification of birds. Yale University Press, New Haven, Conn.
  • Simms, E. (1985). British warblers. Collins, London. ISBN 0-00-219404-X.
  • Yamagishi, S., Honda, M., Eguchi, K., & Thorstrom, R. (2001). Extreme endemic radiation of the Malagasy Vangas (Aves: Passeriformes). Journal of Molecular Evolution 53 (1): 39-46. doi:10.1007/s002390010190 (HTML abstract)

Referansar

  1. Sibley, C.G.; Ahlquist, J.E. (1990). Phylogeny and Classification of Birds. A Study in Molecular Evolution. New Haven and London: Yale University Press.
  2. Alström, P.et al (2006)
  3. David W. Winkler, Shawn M. Billerman, Irby J. Lovette. Bird Families of the World - A Guide to the Spectacular Diversity of Birds. Lynx Edicions and the Cornell Lab of Ornithology, pp 600, 2015. ISBN 978-84-941892-0-3
  4. The Clements Checklist, Updates & Corrections - Dec 2009
  5. The Clements Checklist, Updates & Corrections - Aug 2011 Henta 27. oktober 2012
  6. Clements et al 2011 - African Warblers (Macrosphenidae)
  7. Clements et al 2011 - side 435, Neumann's Warbler Hemitesia neumanni
  8. Clements et al 2011 - Motacillidae side 436
  9. Clements et al 2011 - sidene 496 og 509 og
  10. Clements et al 2011 - sidene 507-509
  11. eBird/Clements Checklist, Updates & Corrections - Aug 2019 Henta 14. september 2019
license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Sylvioidea: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Sylvioidea er ein superfamilie innanfor ordenen sporvefuglar, ein av minst tre store kladar av sporvefuglar, saman med Muscicapoidea og Passeroidea. Han inneheld omtrent 1300 artar inkludert songarfamilien, timalfamilien, svaler, lerker og bylbylar. Medlemmer av kladen finst over heile verda, men færre artar er til stades i Amerika enn i andre verdsdelar.

Superfamilien Sylvioidea vart først foreslått i 1990 i Sibley – Ahlquist taksonomien for fuglar basert på DNA–DNA-hybridiseringsforsøk. Nyare studiar basert på samanlikning av DNA-sekvensar har ikkje funne stønad for å inkludere familiar som Certhiidae (trekryparar), Sittidae (spettmeiser), Paridae (meiser) og Regulidae (fuglekongar), men stør i staden inklusjon av Alaudidae (lerker). Fleire av familiane i Sylvioidea har blitt omdefinerte kraftig. Spesielt songarfamilien Sylviidae og timalfamilien Timaliidae vart brukt som oppsamlingstakson og omfatta mange artar som har vist seg ikkje å vere nært nærskyldte. Fleire nye familiar har blitt oppretta og nokre artar har rørt seg mellom familiane.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN