dcsimg

Sagskater ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Sagskater (Pristidae) er ein familie bruskfiskar. Dei liknar på haiar i forma, men hovudet er flatare. Dessutan er snuten lengja til eit flatt blad som på kvar side har 16 til 32 store hudtenner. Sagskater kan skiljast frå saghaiane ved at gjellespalta finst på undersida av kroppen.

Sagskatefamilien femnar om sju artar i to slekter som finst i tropiske saltvass- og brakkvass-strok; nokre går dessutan opp i ferskvatn. Dei kan verta 10 meter lange (saga kring 25 centimeter) og vega 2 300 kilogram. Sagskater lever mest av botndyr som dei rotar opp av sanden med saga, men dei tek òg mindre fisk som dei slår i svime ved å slå med saga i vatnet.

Kjelder

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Sagskater: Brief Summary ( Norwegian )