Opiumsvalmue (Papaver somniferum) er ein art i valmueslekta.[1] Han er ein eittårig plante som kan bli opptil 1,5 m høg. Planten har blågrøne blad og ein stor blome som kan vera raud, blåfiolett eller andre fargar.[1]
Ein kan vinna ut opium frå mjølkesafta til den umogne kapselfrukta. Frøa frå den mogne kapselen blir nytta i matlaging som valmuefrø, eller til å laga valmueolje.[1]
Valmuen høyrer heime i middelhavslanda, men blir også dyrka ei rekkje andre stader.[1] Han er blitt observert veksande fleire stader i Noreg, men blir ikkje rekna for å ha ein reproduserande bestand i landet.[2]
Opiumsvalmue (Papaver somniferum) er ein art i valmueslekta. Han er ein eittårig plante som kan bli opptil 1,5 m høg. Planten har blågrøne blad og ein stor blome som kan vera raud, blåfiolett eller andre fargar.
Ein kan vinna ut opium frå mjølkesafta til den umogne kapselfrukta. Frøa frå den mogne kapselen blir nytta i matlaging som valmuefrø, eller til å laga valmueolje.
Valmuen høyrer heime i middelhavslanda, men blir også dyrka ei rekkje andre stader. Han er blitt observert veksande fleire stader i Noreg, men blir ikkje rekna for å ha ein reproduserande bestand i landet.