dcsimg

Bladfotkreps ( норвешки )

добавил wikipedia NN

Bladfotkreps (Branchiopoda) er ein klasse primitive krepsdyr som hovudsakleg lever i ferskvatn. Det finst om lag 900 beskrivne artar over heile verda, og dei fleste liknar reker. Til gruppa høyrer slektene Daphnia og Artemia, som både er karakteristiske planktondyr og viktige som levandefôr for akvariefisk.

Den eldste kjende arten bladfotkreps har fått namnet Rehbachiella kinnekullensis og levde for 500 millionar år sidan. Han liknar Artemia, noko som har ført til at ein meiner artemidane er dei mest primitive medlemmane i klassa.

Bladfotkreps generelt sett er utstyrt med ei matgrop på buksida, som dei nyttar til å filtrera plankton or vatnet med. Ei samling uspesialiserte bein skapar ei vasstraum som går gjennom denne gropa, og som dyret tek ut mat og oksygen frå. Forskarar trur dette er den eldste livsforma til krepsdyra.

Evolusjon og økologi

Ein reknar med at bladfotkrepsen oppstod i havet, men at berre dei som vandra opp i ferskvatn overlevde. At mange av dei er så godt tilpassa midlertidige vassamlingar og ekstreme tilhøve (t.d. saltsjøer) kan tyda på at dei har vorte utkonkurrerte av meir avanserte dyr i dei opphavlege leveområda sine. Dette har ført til liten kroppsstorleik og korte generasjonstider. Dei tre ordenane Anostraca, Notostraca og Conchostraca (sistnemnde er parafyletisk) inneheldt dei største bladfotkrepsane og reknast som dei mest primitive krepsdyra - dei fleste av dei er for treige og sårbare til å kunne overleva i vatn med fisk eller andre avanserte predatorar.

Små bladfotkreps, som vasslopper, klarar seg derimot særs godt i område med til dels særs høgt predasjonstrykk. Dei opptrer som dyreplankton i store tal av di dei er svært små, er særs fruktbare og har kort generasjonstid.

Systematikk

Bakgrunnsstoff

Kjelder

  • Brusca & Brusca: Invertebrates Sinauer Associates 2002
лиценца
cc-by-sa-3.0
авторски права
Wikipedia authors and editors
изворно
посети извор
соработничко мреж. место
wikipedia NN

Bladfotkreps: Brief Summary ( норвешки )