Barlindfamilien (Taxaceae) er ein av dei små bartrefamiliane. Han omfattar rundt 10 artar av buskar og tre, som alle stort sett lever på den nordlege halvkula.
Plantefamilien er delt inn i tre slekter. Barlindslekta har åtte artar; tre av dei veks i Noreg. Dei fire slektene under druetaksfamilien (Cephalotaxaceae) kan også tidvis reknast til barlindfamilien.
Det finst også tre barlind-liknande artar i gultrefamilien (Podocarpaceae) som har stor morfologisk likskap med barlind, men dei er ikkje nært beslekta.
Taksogrupperinga av barlindfamilien nedanfor byggjer på internasjonal taksonomi - The Angiosperm Phylogeny Group og APG II-systemet frå 2003, med 83 ordenar og 461 familiar av karplantar.
Dei familiane og slektene som er vanlege i Norden eller Storbritannia er merka med landkode i feit skrift etter det norske standardverket Norsk Flora (2005)[1], det nyaste nordiske standardverket (2007)[2] og det britiske hovudverket.[3]
Landkodane for nordisk og britisk utbreiing er: d Danmark. f Finland. i Island. n Noreg. sv Svalbard. s Sverige. uk Storbritannia. Landkodar i kursiv viser til at arten ikkje førekejm naturleg, men er innført og naturalisert i landet.