Palawanflugesnappar (Ficedula platenae) er ein sky, lite synleg liten fugl i flugesnapparfamilien, og er endemisk til øya Palawan på Filippinane.
Denne flugesnappararten har storleik typisk for slekta Ficedula, ca. 11,5 centimeter, men fjørdrakta er meir avdempa i fargene enn hos fleire andre Ficadula-artar. Oversida inkludert hovudet og gumpen er brunt til raudbrunt, halen er lysare oransje-raudbrun. Eit breitt område over brystet er òg oransje til raudbrunt. Elles er undersida lys brungul til kvit. Til forskjell frå det vanlege hos andre artar i slekta, er kjønna nokså like med berre små skilnader i farge på framhovudet.[1]
Palawanflugesnapparar lever lågt i skogshabitat, opptil 1000 moh. Dei beitar insekt i klatrepalmar og bambus, opptil 10 meter over bakkenivå.[1]
Populasjonen er estimert til å ligge mellom 6000 og 15 000 individ og er trudd å vere minkande. Arten er derfor klassifisert som sårbar.[2]
Palawanflugesnappar (Ficedula platenae) er ein sky, lite synleg liten fugl i flugesnapparfamilien, og er endemisk til øya Palawan på Filippinane.