Kolgrovnebb (Clytoctantes alixii) er ein maurfugl som lever i tett, låg eller gjenvekst vegetasjon lengst nord ved foten av Andes i særs små habitat i grenseområdet mellom Colombia og Venezuela. Han er karakterisert av det kraftige, oppbøygde nebbet, og farga til fjørdrakta åt hannar har bidratt til artsnamnet på norsk. Arten blei første gongen skildra i 1870. Fram til 2007 var fuglen nesten ukjent.
Kolgrovnebb er 16 til 17 centimeter i kroppslengd og dei er umiskjennelege. Hannen er skifergrå, men området mellom auge og nebb, samt strupe og brystparti er heilt svarte. Hoa er raudleg brun med mørkare parti på venger og hale. Dei lever i tett eviggrøn underskog, ved utkanten av skog, òg gjenvekst skog, i høgder mellom 200 og 1200 moh. ved foten av Sierra de Perijá. Dei er trudd å vere insektetarar, utan at det finst dokumentasjon.
Populasjonen er estimert til mellom 250 og 1000 individ, og han er trudd å vere minkande.[1]