dcsimg

Gulldusk ( norja )

tarjonnut wikipedia NN

Gulldusk (Lysimachia thyrsiflora) er ei fleirårig plante i fredlausslekta i fredlausfamilien. Det er ei opprett plante med opne blomsterstandar. Kvart skot er loddrett og har krossvist motsette, heilranda blad som er lansettforma. Over- og undersida er glatt og lysegrøn. Blomstringa skjer i juni-juli, der dei tette hovuda av små, gule blomstrar sit på lange stilkar i bladhjørna. Frukta mognar godt og spirer villig.

Røtene sit på ein vassrett rotstokk som òg ber éit eller fleire, loddrette skot.

Planta blir 0,30 x 2 m med ein vekst på 30 x 10 cm/år.

Utbreiing

Planta er viltveksande i Noreg og Danmark der ho veks i fuktig mark som kjerr og fuktige enger.

lisenssi
cc-by-sa-3.0
tekijänoikeus
Wikipedia authors and editors
alkuperäinen
käy lähteessä
kumppanisivusto
wikipedia NN

Gulldusk: Brief Summary ( norja )