Barbus er ei slekt av karpefiskar. Typearten er den mellomeuropeiske flodbarben (Barbus barbus, først kalla Cyprinus barbus). Namnet viser til skjeggtrådane rundt munnen og er avleidd frå latin barba, 'skjegg'.
Slekta Barbus er blitt brukt som eit oppsamlingstakson for hundrevis av ulike karpefiskar som eigenleg ikkje er så nært i slekt. Desse fiskane omfatta dei fleste artene i gruppa barbar. Berrebi et al. snevra i 1996 Barbus inn til berre å omfatta arter frå Europa, Vest-Asia og Nord-Afrika. Alle barbar frå Afrika sør for Sahara og sørlege og austlege delar av Asia er flytta til andre slekter, mellom anna Puntius.
Barbus i Berrebi si tyding frå 1996 omfatta to grupper. Ei nordleg med fem svelgtenner i hovudraden og papillar på underleppa, og ein sørleg med fire svelgtenner og ingen papillar. Gruppene skil seg òg genetisk. Den sørlege gruppa er no skild ut som slekta Luciobarbus med utbreiing frå Marokko og Den iberiske halvøya austover til Aralsjøen.
Dei attverande Barbus-artane i Nord-Afrika er flytta til slekta Labeobarbus. I Sørvest-Asia er nokre artar flytta til slektene Arabibarbus, Carasobarbus og Mesopotamichthys. Utbreiinga til Barbus i snever tyding er Sør- og Mellom-Europa frå England og Frankrike i vest til Nord-Kaukasia i aust, Anatolia, Transkaukasia, Levanten, nedslagsfeltet til Eufrat og Tigris, og Nord-Iran medrekna dei endorheiske Urmia- og Namak-bassenga.
Barbus i snever tyding er tetraploid med 2n = 4x = 100 kromosom. Dei er mellomstore fiskar med fire skjeggtrådar rundt den overbitne munnen. Kroppen er langstrekt og sylindrisk. Storleiken på skjela varierer mykje. Det vanlegaste habitatet er elver med klart, rennande, men ikkje for kaldt vann, men fiskane finst òg i innsjøar.