Gråviftestjert (Rhipidura albiscapa) er ein liten insektetande sporvefugl. Dette er ein vanleg viftestjert funnen i Australia unntatt vestlege ørkenområde, på Ny-Guinea, Salomonøyane, Vanuatu og New Caledonia. Mange har rekna arten som same arten som maoriviftestjert på New Zealand,[1] men på grunn av skilnadane i lætet har somme autoritetar no handsama maoriviftestjert som ein eigen art, stadeigen for New Zealand.[2][3]
Dette viftestjerten er middels til mørk grå eller gråbrun på oversida, lysare, og ofte gulaktig til oransje på undersida, med ein kvit hals, kvite teikningar over auget, og avhengig av underart anten kvit kantar eller heilt kvit ytre halefjører. Kroppslengda er 16 centimeter, og av det er halen halvparten. Som namnet seier, er halen ofte vist i vifteform. Då er det synleg at dei ytre halefjørene er lyse og dei midtre dei er mørke. Nokre underartar er har ei mørkare fjørdrakt.
Levevis og åtferd er som hos maoriviftestjertar, han flyttar seg fort frå stad til stad, oftast mellom kvistar på tre eller anna passande objekt medan dei jaktar på flygande insekt. Fuglane er ikkje sky, og vil ofte flyge berre få meter frå menneske.
Underartane i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.7 frå september 2012.[4]
Gråviftestjert, Rhipidura albiscapa
|coauthors=
(hjelp) Gråviftestjert (Rhipidura albiscapa) er ein liten insektetande sporvefugl. Dette er ein vanleg viftestjert funnen i Australia unntatt vestlege ørkenområde, på Ny-Guinea, Salomonøyane, Vanuatu og New Caledonia. Mange har rekna arten som same arten som maoriviftestjert på New Zealand, men på grunn av skilnadane i lætet har somme autoritetar no handsama maoriviftestjert som ein eigen art, stadeigen for New Zealand.