Antioquiabørstetyrann (Phylloscartes lanyoni) er ein fugl i tyrannfamilien som er endemisk til Colombia. Dei kjente leveområda for arten ligg på små areal sentralt i Magdalenadalen og opp mot sidene av Andes, i departementa Antioquia, Caldas, Cundinamarca og Boyacá.
Fjørdrakta til denne tyrannen er i olivengrønt med gul underside. Krona er grå, kinnet er lyst med små svarte flekker, og dei har kvit augering. Kroppslengda med hale er 11 centimter og dei veg ca. 8 gram. Antioquiabørstetyrannar lever i lauvskog, frå 450 til 900 moh.[1]
Populasjonen er estimert til å ligge mellom 1000 og 2500 individ og minkar. Arten er klassifisert som sterkt truga.[2]